Haukom Austre (Birkenes gnr. 136): Skilnad mellom versjonar
s Lenke Tveit |
s Geir Daasvatn flyttet siden Haukom Austre (Birkenes gnr. 142) til Haukom Austre (Birkenes gnr. 136): Feil gnr i første tittel |
(Ingen skilnad)
| |
Versjonen frå 13. oktober 2019 kl. 04:57
Haukom Austre er ein gard om lag 500 meter rett nord for Haukomvatnet, like under Haukomheia, i Vegusdal i Birkenes. Nedre Engesland er nabogard i sør-aust, Vegusdal i nord-aust, Nordre Tveit i Evje og Hornnes i nord-vest og Øvre Engesland i sør-vest. Garden har om lag 5 000 dekar skog og 30 mål dyrka mark. Det bur ikkje folk fast på han i dag, men den dyrka jorda er halden fint i hevd.
Historie
Garden skal vere frå vikingtida. Han låg aude etter Svartedauden, og bleirydda opp att først på 1600-talet. Garden var kyrkjegods, som vil seie at inntekta av garden gjekk til Vegusdal kyrkje. I skriftlege kjelder er garden nemnt første gong i 1601. Då var han utarma, og ingen budde der.
Ein kjend eigar var Jens Olsen Klepsland (f. 1855, d. 1941). Han var ordførar i Vegusdal frå 1886 til 1961, og hadde også mange andre verv i politikken.