Haukom Austre (Birkenes gnr. 136)
Haukom Austre er ein gard (gnr. 136) om lag 500 meter rett nord for Haukomvatnet, like under Haukomheia, i Vegusdal i Birkenes. Nedre Engesland er nabogard i sør-aust, Vegusdal i nord-aust, Nordre Tveit i Evje og Hornnes i nord-vest og Øvre Engesland i sør-vest. Garden har om lag 5 000 dekar skog og 30 mål dyrka mark. Det bur ikkje folk fast på han i dag, men den dyrka jorda er halden fint i hevd. Det går veg (bomveg) inn til garden frå Fylkesveg 42 rett vest for Vegusdal kapell.
Historie
Garden skal vere frå vikingtida. Han låg aude etter Svartedauden, og blei rydda opp att først på 1600-talet. Garden var kyrkjegods, som vil seie at inntekta av garden gjekk til Vegusdal kyrkje. I skriftlege kjelder er garden nemnt første gong i 1601. Då var han utarma, og ingen budde der.
Ein kjend eigar var Jens Olsen Klepsland (f. 1855, d. 1941). Han var ordførar i Vegusdal frå 1886 til 1916, og hadde også mange andre verv i politikken.
Kjelder
- Vegusdal - Gards- og ættesoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 1995, side 211-222