Nånesveten: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
statkart og yr
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s Meir fakta og bilete
Line 1: Line 1:
'''Nånesveten''' eller '''Nånesknapen''' er eit fjell i [[Bygland kommune]] på vestsida av [[Byglandsfjorden]]. Fjellet er 696 meter høgt og har ein [[primærfaktor]] på 210 meter. Skjevraknuten ligg sør for [[Melejuvet]], rett vest for [[Fånefjell]].  
[[Fil:Nånesveten.jpg|thumb|Nånesveten sett frå [[Åneknuten]].{{byline|[[Reidar Tveito]]}}]]
'''Nånesveten''' er eit fjell i [[Bygland kommune]] på vestsida av [[Byglandsfjorden]]. Fjellet er 696 meter høgt og har ein [[primærfaktor]] på 210 meter. Nånesveten ligg sør for [[Melejuvet]], rett vest for [[Fånefjell]].
 
Nånesveten hadde inntil nyleg kartnamnet '''Nånesnapen''', men Nånesveten skal vera det opphavelege namnet på fjellet. Folk frå Frøyrak bruka òg å seie '''Øvrekvi''' og '''Neirekvi''', og då var Øvrekvi namnet på sjølve toppen. Statens kartverk nyttar både 693 moh og 694 moh som høgde på sine kart.
 
Med namnet Vete meinte ein i gamal tid ein fjelltopp som var synleg langt av lei, og som høvde til ein vete. Dette var ein oppstabla haug med tyrived som var gjort klar til opptenning om det kom inn ufredsfolk i dalen. På den måten fekk ein varsle folk omkring at nå var det fare på ferde. Så vart det raskt tend ein ny vete på neste lagelege topp, og neste...  Slik vart då folk varsla raskt nok opp gjennom dalføret slik at ein fekk samla seg til motstand mot desse ufredsfolka som var på veg.
 
Ved inngangen til eit nytt tusenår den 1. januar 2000, vart det fyrt opp eit stort bål på Nånesveten, men skodda låg så tjukk denne natta at ein fekk ikkje sjå dette.
 
==Kjelder==
*[[Olav T. Frøyrak]]
*[[Birgit Skjevrak Skeie]] 


==Eksterne lenker==
==Eksterne lenker==

Versjonen frå 10. oktober 2012 kl. 11:21

Nånesveten sett frå Åneknuten.

Nånesveten er eit fjell i Bygland kommune på vestsida av Byglandsfjorden. Fjellet er 696 meter høgt og har ein primærfaktor på 210 meter. Nånesveten ligg sør for Melejuvet, rett vest for Fånefjell.

Nånesveten hadde inntil nyleg kartnamnet Nånesnapen, men Nånesveten skal vera det opphavelege namnet på fjellet. Folk frå Frøyrak bruka òg å seie Øvrekvi og Neirekvi, og då var Øvrekvi namnet på sjølve toppen. Statens kartverk nyttar både 693 moh og 694 moh som høgde på sine kart.

Med namnet Vete meinte ein i gamal tid ein fjelltopp som var synleg langt av lei, og som høvde til ein vete. Dette var ein oppstabla haug med tyrived som var gjort klar til opptenning om det kom inn ufredsfolk i dalen. På den måten fekk ein varsle folk omkring at nå var det fare på ferde. Så vart det raskt tend ein ny vete på neste lagelege topp, og neste... Slik vart då folk varsla raskt nok opp gjennom dalføret slik at ein fekk samla seg til motstand mot desse ufredsfolka som var på veg.

Ved inngangen til eit nytt tusenår den 1. januar 2000, vart det fyrt opp eit stort bål på Nånesveten, men skodda låg så tjukk denne natta at ein fekk ikkje sjå dette.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...