Tyskarvegen: Skilnad mellom versjonar
Tyskarvegen Langeid |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 8: | Line 8: | ||
[[Kategori:Veier i Bygland]] | [[Kategori:Veier i Bygland]] | ||
[[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | [[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | ||
[[Kategori:Langeid]] | |||
Versjonen frå 22. september 2018 kl. 07:09
Tyskarvegen var eit vegprosjekt på Langeid i Bygland som okkupasjonsmakta sette i gang under 2. verdskrigen. Tyskarane ville lage vegsamband frå Setesdal via Sirdal til Rogaland. Vegen tok til ved Spekjeflota i nærleiken av Krokå sør på Langeid. Han svinga seg oppover i lia til Simdalen i 10-12 svingar. Frå Simdalen var vegen farbar med traktor heilt inn til Stakkedalen. Då krigen var over, stoppa arbeidet med vegen.
Vegen blei lagt uten ordentleg fundamentering. Svingane oppover i lia raste ut etter kvart. Ved storflaumen i 1968 gjekk den siste. Det er seinare bygd ny skogsbilveg opp lia til Simdalen. Frå Simdalen til Tjønndalen kan ein framleis følge den gamle Tyskarvegen vestover. Det er mogeleg å sykle på vegen inn til Tjønndalen Turisthytte.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommunne, 2002, side 87