Gloppefossen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Presisert en kategori
Line 20: Line 20:


[[Kategori:Fosser i Valle]]
[[Kategori:Fosser i Valle]]
[[Kategori:Turløyper]]
[[Kategori:Turløyper i Valle]]
[[Kategori:Turistattraksjoner i Setesdal]]
[[Kategori:Turistattraksjoner i Setesdal]]

Versjonen frå 14. juni 2018 kl. 09:29

Gloppefossen

Gloppefossen er ein foss i Valle kommune. Fossen er 280 meter og den høgaste fossen i Setesdal. Fossen er ein del av Veiåni, som kjem frå Husebøvatnet. Vassføringa er stor i fossen heile sommarhalvåret, så fossen er verd å sjå og i turkeperiodar.

Vern

I samband med utbygginga av Brokke Nord vart spørsmålet om Veiåne skulle vere med i prosjektet vurdert. Departementet skriv då: «Departementet vil derfor i samsvar med NVEs tilråding ikke gå inn for å gi konsesjon som omfatter overføring av Finndalsbekken (Trydalsbekken/Trydalstjern) samt Veiåni/Torvikvatn[1]

Å kome dit

Parkering kan skje ved Riksveg 9 like nord for Lunden camping. Det er merka tursti inn Veiågjuvet til Gloppefoss. Fyrste delen av turen går på grusveg, sidan vert det traktorveg. Det er ein flott natur med høge fjell på begge sidene av elva «Veiåne». Turen inn til fossen tek om lag 2 timar. Det er ikkje hytter eller hus i området der vegen går. Ein skal krysse Veiåne fleire gonger, normalt er det ikkje noko problem, då elva ikkje er djup. Ved normale vertilhøve høver turen godt for familiar med born. Etter langvarig regnver auker vassføringa i elva kraftig og ein lyt vurdere om kryssing av elva er trygt.

Sommaren 2017 blei det bygd ei lita bru over åna i området ved postkassa. Det har gjort kryssing av elva enklare her. Det førte til at turløypa kunne få endra klassifisering frå raud løype til grøn løype.[2]

Referansar

Eksterne lenker