Dansarberga: Skilnad mellom versjonar
Oppdatert med turløype |
s Lenkefiks kjelder |
||
| Line 7: | Line 7: | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*[[Nils Odde d.e.]], ''Dansarberg'', artikkel i [[Arnstein]], | *[[Nils Odde d.e.]], ''Dansarberg'', artikkel i [[Arnstein 2000]], side 7 | ||
[[Kategori:Fjell i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Fjell i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Stadnamn i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Stadnamn i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Turløyper]] | [[Kategori:Turløyper]] | ||
Versjonen frå 13. desember 2017 kl. 12:18
Dansarberga er eit fjell eller ein ås i Evje, mellom gardane Odde i nord og Åsland og Lund i sør. I aust ligg Landsverk og Mykleåsen. Toppen av Dansarberga ligg på 418 m.o.h. I Dansarberga var det frå gamalt av ein samlingsplass eller danseplass for ungdomen - Dansarberg. Det er ei flate på fjellet på storleik med eit svært dansegolv. På den eine sida er det ein stein, passande å sitte på - spelemannssteinen.
«Det kan hende», har Nils Odde d.e. skrive, «når ein sit på denne spelemannssteinen ein sein jonsokkveld, når gauken og måltrosten hev slutta sitt spel, og dimma gjeng over i sumarnottmyrkre, at ein vert førd attende til den tid, då dansen gjekk her på Dansarberg».
Det går merka turløype til Dansarberga. Starten er ved Oddeskogen barnehage. Løypa går i skogsterreng, og har nokre bratte parti undervegs. Løypa går forbi gamle feltspatgruver og Evje Mineralsti. Undervegs er det mange fine utsiktspunkt. Løypa er ein rundløype, med total lengde om lag 6,5 kilometer. Tidsbruken vil normalt vere 2-4 timar.
Kjelder
- Nils Odde d.e., Dansarberg, artikkel i Arnstein 2000, side 7