Theis Salvesen: Skilnad mellom versjonar
fødselsdato |
omkat |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
{{DEFAULTSORT:Salvesen, Theis}} | {{DEFAULTSORT:Salvesen, Theis}} | ||
[[Kategori:Prester]] | [[Kategori:Prester i Valle]] | ||
[[Kategori:Personer fra Valle kommune]] | [[Kategori:Personer fra Valle kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1955]] | [[Kategori:Fødsler i 1955]] | ||
Versjonen frå 30. mai 2012 kl. 12:12
Theis Salvesen (født 26. september 1955 i Farsund) var sokneprest i Valle prestegjeld, som omfattar kommunane Valle og Bykle frå 1989 til 2007, då han flytta til Tveit i Kristiansand. Han kom til Valle frå Ibestad i Sør-Troms. Theis er gift med Marit Salvesen. Dei har fire barn.
Mens han budde i Valle, var han 12 år i Valle kommunestyre for Arbeidarpartiet. I denne perioden var han leiar av kulturstyret. Han var og leiar av Kristne Arbeidere, Sørlandet krets. Han var og aktiv i Valle Radio som programleiar og nestleiar i styret. Då styreleiar Hallvard Kjelleberg gjekk bort, overtok han som styreleiar og hadde vervet til han flytta frå bygda.
I Tveit engasjerte han seg ikkje så sterkt i politikken, men kom på 44.-plass på Ap-lista for Kristiansand til valet i 2011, og han er leiar i Tveit hagelag. Han engasjerte seg og som talsmann for å få fleirbrukshall i Tveit, men har ikkje tenkt å bruke den sjølv.[1] Frå 44. plass vart han vald inn i bystyret for perioden 2011-2014 på grunn av mange personstemmer og slengjarar.
Referansar
- ↑ Lars Hollerud: Vil ikke svette i hallen. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt 16. april 2011 side 44.