Skjeggedal: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Kart |
s →Kjelder: Åmli ætt og heim |
||
| Line 8: | Line 8: | ||
*[[Johan Christian Frøstrup]] (red.), ''[[Vandringer i Setesdal Austhei]]'', Friluftsforlaget, 2014, side 15 | *[[Johan Christian Frøstrup]] (red.), ''[[Vandringer i Setesdal Austhei]]'', Friluftsforlaget, 2014, side 15 | ||
*''Til Øvre Skjeggedal og Tveitli'', artikkel i [[Setesdølen nr. 53, 2017]], side 3 | *''Til Øvre Skjeggedal og Tveitli'', artikkel i [[Setesdølen nr. 53, 2017]], side 3 | ||
*[[Torgils Hodne]], ''[[Åmli ætt og heim I, Tovdal]]'', utgjeve av Åmli kommune ved Åmli bygdeboknemnd, 1977, side 16-109 | |||
== Kart == | == Kart == | ||
Versjonen frå 16. august 2017 kl. 00:37
Skjeggedal er eit lite dalføre mellom Setesdal og Tovdal. Ein kan køyre til Skjeggedal på fylkesveg som tek av frå Fylkesveg 42 ved Mjåland mellom Vegusdal og Mykland. Sørover gjennom dalføret renn Skjeggedalsåna, ei sidegrein til Tovdalselva. I dalen finst mykje urørt natur; urskogområder der det enkelte stadar veks grov furuskog. Her er også eit variert dyre- og planteliv.
I Skjeggedal ligg garden Nedre Skjeggedal, der det framleis er aktiv landbruksdrift. I Øvre Skjeggedal ligg dei nedlagte gardane Høgeli, Hestkleiv og Tveiteli.
Frå gamalt av og heilt opp til vår tid har det vore mykje samkvem mellom Skjeggedal og Gautestad i den nord-austre delen av Evje. Det går også ein gamal ferdselsveg austover til Tovdal.
Kjelder
- Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 15
- Til Øvre Skjeggedal og Tveitli, artikkel i Setesdølen nr. 53, 2017, side 3
- Torgils Hodne, Åmli ætt og heim I, Tovdal, utgjeve av Åmli kommune ved Åmli bygdeboknemnd, 1977, side 16-109