Kvistoga (Øvre Hegland): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke gard
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Endret kategori
Line 11: Line 11:
*[http://www.nb.no/nbsok/nb/89472c9c43c0a3793a28cce0748173cd?index=13#43 Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, 1952, side 39]
*[http://www.nb.no/nbsok/nb/89472c9c43c0a3793a28cce0748173cd?index=13#43 Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, 1952, side 39]


[[Kategori:Garder i Bygland]]
[[Kategori:Husmannsplasser i Bygland]]

Versjonen frå 28. juli 2017 kl. 00:34

Kvistoga var ein husmannsplass under garden Øvre Hegland i Bygland, nokre få hundre meter nord for Granheim. Plassen må ha blitt rydda ein gong etter 1843. Husmannen var Salve Tellefson Kvinen (1792-1866). Han kom frå husmannsplassen Nedre Kviplassen ved Kvifjorden langt inne i fjellheimen ved grensa mellom Bygland og Sirdal. Kona var Gunhild Karlsdotter Handeland (1794-1867).

Kaptein Falkenberg laga eit etter måten påliteleg kart over Setesdal i 1850. Staden der Kvistoga låg er då kalla «Fattighuus».

Salve Tellefson døydde i 1866. Truleg flytta kona også frå plassen då. Etter dei skal Olav Olavson Sordal (f. 1833) ha budd i Kvistoga. Ved folketeljinga i 1865 budde han og kona ein annan stad på Hegland. Truleg var Kvistoga ikkje meir i bruk etter det.

Det er sagt at stova i Kvistoga er flytta til støylen Grostøyl.

Kjelder