Hovden Fjellstoge: Skilnad mellom versjonar
Kort om eierforhold |
s →Hyttebygging: liten oppdatering til dagens situason |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
== Hyttebygging == | == Hyttebygging == | ||
På eit ca 30 dekar stort areal rundt Hovden Fjellstoge er det planar om å bygge kring 140 hytter og leilegheiter. God Driv står bak planane, saman med Roy Bakke og Ann-Torill Briksdal. | På eit ca 30 dekar stort areal rundt Hovden Fjellstoge er det planar om å bygge kring 140 hytter og leilegheiter. God Driv står bak planane, saman med Roy Bakke og Ann-Torill Briksdal. Første byggetrinn kom i gang sommaren 2017. Det omfatta 13 hytter som skulle selgast til private. Det er planlagt ei stegvis utbygging vidare. | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
Versjonen frå 24. juli 2017 kl. 09:53
Hovden Fjellstoge er ein overnattingsstad i naturskjønne omgjevnader mellom Otra og Rv-9, 2,7 kilometer nord for Hovden sentrum øvst i Setesdal. Hovden Fjellstoge tilbyr rom med frukost, hytter for sjølvhushald og gode pakketilbod med det meste inkludert. I periodar tilbyr Fjellstoga også spanande arrangement og aktivitetar. A la carte restaurant er open kvar dag i sesongen. I vintersesongen går det gratis skibuss til Hovden Alpinsenter, og det er direkte tilkomst til det store løypenettet på Hovden for dei som vil gå langrenn.
Eigedomsselskapet God Driv i Kristiansand eig 65 prosent av aksjane i Hovden Fjellstoge AS. Vertskapet på Fjellstoga, Roy Bakke og Ann-Torill Briksdal, eig 17,5 prosent kvar.
Hyttebygging
På eit ca 30 dekar stort areal rundt Hovden Fjellstoge er det planar om å bygge kring 140 hytter og leilegheiter. God Driv står bak planane, saman med Roy Bakke og Ann-Torill Briksdal. Første byggetrinn kom i gang sommaren 2017. Det omfatta 13 hytter som skulle selgast til private. Det er planlagt ei stegvis utbygging vidare.
Kjelder
- Hovden Fjellstoge si heimeside
- Ole Birger Lien, Hytter for 200 mill. ved Hovden Fjellstoge, artikkel i Setesdølen nr. 4, 2017, side 6
- Om Hovden Fjellstoge AS på Proff.no