Øy (Bygland): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Om Ingebjørg Olavsdotter Uppsal
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet skrivemåten i etternavnet til Ingebjørg Oppsal
Line 2: Line 2:
'''Øy''' er eit gamalt støylsområde på heia sør-aust for [[Jordalsbø]] i [[Bygland]]. Det var to støylar i området, [[Presthusøy]] og [[Åkhusøy]]. [[Eksævegen]] går frå Steinstog i Jordalsbø inn til området.
'''Øy''' er eit gamalt støylsområde på heia sør-aust for [[Jordalsbø]] i [[Bygland]]. Det var to støylar i området, [[Presthusøy]] og [[Åkhusøy]]. [[Eksævegen]] går frå Steinstog i Jordalsbø inn til området.


[[10. august 1859]] skjedde det ei tragisk ulukke på Øy. [[Ingebjørg Olavsdotter Uppsal]] blei stanga ihjel av prestestuten, som var med resten av buskapen i Prestegarden på sommarbeite på støylen. Ingebjørg hadde barnet sitt med. Det var ei lita jente. Ho var bunden i bakmeisa på ryggen. Om kvelden fann slåttefolka frå Såghus Ingebjørg liggande død. Men bak på ryggen låg den lille jenta og gret. Den vesle jenta heitte også Ingebjørg. Ho blei seinare gift på Ose. Ho fekk sjølv ei dotter, som også fekk namnet Ingebjørg, etter bestemora som omkom ved Øy.
[[10. august 1859]] skjedde det ei tragisk ulukke på Øy. [[Ingebjørg Olavsdotter Oppsal]] blei stanga ihjel av prestestuten, som var med resten av buskapen i Prestegarden på sommarbeite på støylen. Ingebjørg hadde barnet sitt med. Det var ei lita jente. Ho var bunden i bakmeisa på ryggen. Om kvelden fann slåttefolka frå Såghus Ingebjørg liggande død. Men bak på ryggen låg den lille jenta og gret. Den vesle jenta heitte også Ingebjørg. Ho blei seinare gift på Ose. Ho fekk sjølv ei dotter, som også fekk namnet Ingebjørg, etter bestemora som omkom ved Øy.


Ingebjørg vart boren heim til kyrkjegarden på Bygland. På veg heim, ved [[Ratøygard]], kvilde dei og la steinar rundt henne.   
Ingebjørg vart boren heim til kyrkjegarden på Bygland. På veg heim, ved [[Ratøygard]], kvilde dei og la steinar rundt henne.   

Versjonen frå 21. juni 2017 kl. 12:55

Øy 15. juni 2017.

Øy er eit gamalt støylsområde på heia sør-aust for Jordalsbø i Bygland. Det var to støylar i området, Presthusøy og Åkhusøy. Eksævegen går frå Steinstog i Jordalsbø inn til området.

10. august 1859 skjedde det ei tragisk ulukke på Øy. Ingebjørg Olavsdotter Oppsal blei stanga ihjel av prestestuten, som var med resten av buskapen i Prestegarden på sommarbeite på støylen. Ingebjørg hadde barnet sitt med. Det var ei lita jente. Ho var bunden i bakmeisa på ryggen. Om kvelden fann slåttefolka frå Såghus Ingebjørg liggande død. Men bak på ryggen låg den lille jenta og gret. Den vesle jenta heitte også Ingebjørg. Ho blei seinare gift på Ose. Ho fekk sjølv ei dotter, som også fekk namnet Ingebjørg, etter bestemora som omkom ved Øy.

Ingebjørg vart boren heim til kyrkjegarden på Bygland. På veg heim, ved Ratøygard, kvilde dei og la steinar rundt henne.

Kjelder

Kart

Laster kart ...


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.