Råbyggelaget: Skilnad mellom versjonar
s Endret navn fra sorenskriveri til skrivardøme |
Omredigert, lagt inn referanser, rettet uklarheter og faktiske feil m.v. |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Råbyggelaget''' tyder truleg «lovområdet for dei som bur i ein avkrok», ei rå. Råbyggelaget | '''Råbyggelaget''' var frå gamalt av namnet på det administrative området eller distriktet på Agder som [[Setesdal]] høyrde til. Namnet tyder truleg «lovområdet for dei som bur i ein avkrok», ei rå. Frå starten var Råbyggelaget difor truleg namnet på bygdene i Setesdal og dei næraste områda rundt som låg i lovsamband.<ref>Aslak Fjermedal, ''Iveland II, Ålmenn kultursoge'', utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1962, side 217</ref> Agder høyrde til Gulating lagdøme. | ||
Råbyggelaget var då området frå og med Vegårshei i aust til og med [[Åseral]] i vest, [[Iveland]] i sør og [[Bykle]] i nord. Dessutan Birtedalen i Fyresdal og ein del gardar i [[Hægeland]]. | Råbyggelaget dukka opp som ei av ''syslene'' på [[Agder]] i høgmellomalderen, saman med Vestre sysla, Mitre sysla og Austre sysla. Råbyggelaget var då området frå og med Vegårshei i aust til og med [[Åseral]] i vest, [[Iveland]] i sør og [[Bykle]] i nord. Dessutan Birtedalen i Fyresdal og ein del gardar i [[Hægeland]].<ref>[[Oddmund Mogstad]], ''Tinget på Bakke, 29/7 (Sti Olavi Dag) 1581'', artikkel i [[Arnstein 2014]], side 44</ref> | ||
I seinmellomalderen, framover på 1400-talet, vart syslene til ''len'': Lister, Mandal, Nedenes og Råbyggelaget. Futen som styrde Råbyggelaget len på vegne av slottsherren på Akershus, skal ha budd på Birkeland. Seinare vart Herefoss fast bustad. | I seinmellomalderen, framover på 1400-talet, vart syslene til ''len'': Lister, Mandal, Nedenes og Råbyggelaget. Futen som styrde Råbyggelaget len på vegne av slottsherren på Akershus, skal ha budd på Birkeland. Seinare vart Herefoss fast bustad.<ref>Oddmund Mogstad, ''Historisk oversyn over vegar i Råbyggjelag'', artikkel i [[Jol i Setesdal 2010]], side 7</ref> | ||
Då vi fekk sorenskrivarar som domarar, frå 1590, vart | Då vi fekk sorenskrivarar som domarar, frå rundt 1590, vart Råbyggelaget delt i to sorenskriveri; [[Austre Råbyggelag skrivardøme]] og [[Vestre Råbyggelag skrivardøme]]. Men den administrative eininga, fogderiet, blei ikkje delt.<ref>[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]], bind I, utgjeve av [[Bygland kommune]], 2002, side 10</ref> | ||
Etter 1660 kom ny administrasjon. Då blei lena slege saman to og to til ''amt''; Lister og Mandals amt og [[Nedenes og Råbyggelagets amt]].<ref>''Tinget på Bakke'', side 44</ref> Men etter kvart fall namnet Råbyggelaget bort, og det blei bare [[Nedenes amt]]. | |||
Namna på sorenskriveria (Austre og Vestre) kom bort i 1852. Der namnet Råbyggelag greidde seg lengst var som prosti. Men i 1880-åra kom det også bort. | |||
I 1919 vart eininga amt endra til [[fylke]]. | I 1919 vart eininga amt endra til [[fylke]]. | ||
==Sjå også== | ==Sjå også== | ||
*[http://no.wikipedia.org/wiki/Raabyggelaget Råbyggelaget på norsk Wikipedia] | *[http://no.wikipedia.org/wiki/Raabyggelaget Råbyggelaget på norsk Wikipedia] | ||
*[http://nn.wikipedia.org/wiki/R%C3%A5byggelaget Råbyggelaget på nynorsk Wikipedia] | *[http://nn.wikipedia.org/wiki/R%C3%A5byggelaget Råbyggelaget på nynorsk Wikipedia] | ||
== Referansar == | |||
<references/> | |||
[[Kategori:Aust-Agder]] | [[Kategori:Aust-Agder]] | ||
Versjonen frå 25. desember 2016 kl. 20:11
Råbyggelaget var frå gamalt av namnet på det administrative området eller distriktet på Agder som Setesdal høyrde til. Namnet tyder truleg «lovområdet for dei som bur i ein avkrok», ei rå. Frå starten var Råbyggelaget difor truleg namnet på bygdene i Setesdal og dei næraste områda rundt som låg i lovsamband.[1] Agder høyrde til Gulating lagdøme.
Råbyggelaget dukka opp som ei av syslene på Agder i høgmellomalderen, saman med Vestre sysla, Mitre sysla og Austre sysla. Råbyggelaget var då området frå og med Vegårshei i aust til og med Åseral i vest, Iveland i sør og Bykle i nord. Dessutan Birtedalen i Fyresdal og ein del gardar i Hægeland.[2]
I seinmellomalderen, framover på 1400-talet, vart syslene til len: Lister, Mandal, Nedenes og Råbyggelaget. Futen som styrde Råbyggelaget len på vegne av slottsherren på Akershus, skal ha budd på Birkeland. Seinare vart Herefoss fast bustad.[3]
Då vi fekk sorenskrivarar som domarar, frå rundt 1590, vart Råbyggelaget delt i to sorenskriveri; Austre Råbyggelag skrivardøme og Vestre Råbyggelag skrivardøme. Men den administrative eininga, fogderiet, blei ikkje delt.[4]
Etter 1660 kom ny administrasjon. Då blei lena slege saman to og to til amt; Lister og Mandals amt og Nedenes og Råbyggelagets amt.[5] Men etter kvart fall namnet Råbyggelaget bort, og det blei bare Nedenes amt.
Namna på sorenskriveria (Austre og Vestre) kom bort i 1852. Der namnet Råbyggelag greidde seg lengst var som prosti. Men i 1880-åra kom det også bort.
I 1919 vart eininga amt endra til fylke.
Sjå også
Referansar
- ↑ Aslak Fjermedal, Iveland II, Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1962, side 217
- ↑ Oddmund Mogstad, Tinget på Bakke, 29/7 (Sti Olavi Dag) 1581, artikkel i Arnstein 2014, side 44
- ↑ Oddmund Mogstad, Historisk oversyn over vegar i Råbyggjelag, artikkel i Jol i Setesdal 2010, side 7
- ↑ Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 10
- ↑ Tinget på Bakke, side 44