Knut Olav Daasvatn: Skilnad mellom versjonar
s Lagt til et par kategorier |
s Et par lenker |
||
| Line 5: | Line 5: | ||
Knut Olav hadde lenge hatt skrivetrong. I godt vaksen alder, i 2007, skreiv han sitt første dikt. Frå 2009 har han vore fast bidragsytar til tidsskriftet Kraftverk, som Bergen kommune gjev ut. Han er med i Kammerpoetane, eit ensamble av poetar og musikarar, som nokre gonger i året møtast for å halde konsert med eigen musikk og eigen poesi. [[23. mars 2014]] hadde dei poesikonsert i [[Hornnes kyrkje]], i Knut Olav si heimbygd. | Knut Olav hadde lenge hatt skrivetrong. I godt vaksen alder, i 2007, skreiv han sitt første dikt. Frå 2009 har han vore fast bidragsytar til tidsskriftet Kraftverk, som Bergen kommune gjev ut. Han er med i Kammerpoetane, eit ensamble av poetar og musikarar, som nokre gonger i året møtast for å halde konsert med eigen musikk og eigen poesi. [[23. mars 2014]] hadde dei poesikonsert i [[Hornnes kyrkje]], i Knut Olav si heimbygd. | ||
Knut Olav har også nytta Dagbladet sitt Diktkammer som verkstad og møtestad med andre poetar. I april 2012 og mai 2013 var han «Månadens diktar» i Dagbladet. I 2011 og 2012 hadde han fleire dikt i [[Jol i Setesdal]]. | Knut Olav har også nytta Dagbladet sitt Diktkammer som verkstad og møtestad med andre poetar. I april 2012 og mai 2013 var han «Månadens diktar» i Dagbladet. I [[Jol i Setesdal 2011|2011]] og [[Jol i Setesdal 2012|2012]] hadde han fleire dikt i [[Jol i Setesdal]]. | ||
Ved sida av diktskrivinga er Knut Olav ein habil gitarspelar, og han bygger sine eigne gitarar. | Ved sida av diktskrivinga er Knut Olav ein habil gitarspelar, og han bygger sine eigne gitarar. | ||
Versjonen frå 13. november 2016 kl. 12:06
| Knut Olav Daasvatn | ||
|---|---|---|
| Knut Olav 2012. Foto: Geir Daasvatn
| ||
| Født: | 6. november 1969 (56 år) | |
Knut Olav Daasvatn (fødd 6. november 1969) er seniorkonsulent ved Molekylærbiologisk institutt ved Universitetet i Bergen. Han er utdanna biokjemikar. Han vaks opp i Hornnes, og er son til Arne Daasvatn og Gerd Herborg Mæsel Daasvatn.
Sidan 1998 har han hatt ulike administrative stillingar ved Universitetet. Før han gjekk over i administrativt arbeid, dreiv han med forsking. Han har publisert fleire vitskaplege artiklar.
Knut Olav hadde lenge hatt skrivetrong. I godt vaksen alder, i 2007, skreiv han sitt første dikt. Frå 2009 har han vore fast bidragsytar til tidsskriftet Kraftverk, som Bergen kommune gjev ut. Han er med i Kammerpoetane, eit ensamble av poetar og musikarar, som nokre gonger i året møtast for å halde konsert med eigen musikk og eigen poesi. 23. mars 2014 hadde dei poesikonsert i Hornnes kyrkje, i Knut Olav si heimbygd.
Knut Olav har også nytta Dagbladet sitt Diktkammer som verkstad og møtestad med andre poetar. I april 2012 og mai 2013 var han «Månadens diktar» i Dagbladet. I 2011 og 2012 hadde han fleire dikt i Jol i Setesdal.
Ved sida av diktskrivinga er Knut Olav ein habil gitarspelar, og han bygger sine eigne gitarar.
Sjå også
Kjelder
- Profilen til Knut Olav Daasvatn på nettsida til Universitetet i Bergen
- Omtale av Knut Olav Daasvatn på heimesida til Kammerpoetane