Hopp til innhald

Likferdsodden: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Likferdsodden Bygland
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Line 5: Line 5:


== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[[Frans-Arne Hedlund Stylegard]], ''Gravrøyser ved Byglandsfjorden'', artikkel på bloggen hans, dagsett 24. januar2005
*[[Jan Henning Larsen]], ''Gravene og bosetningen'', artikkel i [[Spor i Setesdalsjord]], utgjeve av Aust-Agder fylkeskommune og [[Setesdalsmuseet]], 2014, side 59-60
*[https://www.austagderfk.no/tjenester-og-fagfelt/kulturminnevern/arkiv/kulturminnevern-2012/november-bronsealderfunn-pa-nanes/ Om funnet på Nånesodden i hos austagderfk.no]


== Kart ==
== Kart ==

Versjonen frå 20. oktober 2016 kl. 09:28

Likferdsodden stikk ut i Byglandsfjorden rett sør for Rakkeneset, mellom Grendi og Longerak i Bygland.

Fornminne

På odden ligg det ei gravrøys, ei såkalla åsrøys. Ho har tverrmål ca 7 meter og høgde ca. 75 cm. Røysa er lett å sjå frå vatnet, og det er vid utsikt frå røysa utover fjorden. Rundt røysa ligg det fleire mindre steinpakningar, som kan vere sjølvstendige graver. Røysa er ikkje nærare undersøkt, og alderen er ikkje sikkert fastslege. Men på Nånesodden på andre sida av fjorden er ei anna gravrøys av denne typen sikkert tidfesta til yngre bronsealder.

Kjelder

Kart