Olav K. Flåt: Skilnad mellom versjonar
s Rettet liten skrivefeil |
s →Kjelder: bilde |
||
| Line 6: | Line 6: | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
[[Fil:Olav K Flåt Tinnheia 1946.jpg|miniatyr|høyre|OLav K. Flåt hopper i Tinnheia i Kristiansand i 1946. {{Byline|Utlånt av Jens Frigstad/Knut Flåt]]}}]] | |||
*[[Erik Kjebekk]], ''Dyktige skihopparar frå Flatebygd'', artikkel i [[Arnstein]], 2010, s. 6-13 | *[[Erik Kjebekk]], ''Dyktige skihopparar frå Flatebygd'', artikkel i [[Arnstein]], 2010, s. 6-13 | ||
*[[Olav Arne Kleveland]], ''[[Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie]]'', jubileumsbok utgjeven av [[Otra IL]], 2010, s. 14-18 | *[[Olav Arne Kleveland]], ''[[Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie]]'', jubileumsbok utgjeven av [[Otra IL]], 2010, s. 14-18 | ||
Versjonen frå 22. desember 2014 kl. 10:21
| Olav K. Flåt | ||
|---|---|---|
| Født: | 3. desember 1917 | |
| Død: | 25. juli 2001 (83 år) | |
Olav K. Flåt (Olav Skånevollen) (fødd 1917, død 2001) var gardbrukar i Skånevollen og seinare i Haugan i Flatebygd i Evje. Frå midt på 1930-talet og fram mot krigsutbrotet i 1940 var han ein av dei beste skihopparane på Sørlandet. Under hopprenn i Ørnefjellbakken i Evje 7. februar 1937 sette han ny bakkerekord med 46,5 meter. Han sette også bakkerekord med eit hopp på 52 meter i Storheia i Kristiansand under eit hopprenn der den 8. mars 1937. I januar 1939 var det stort hopprenn i Tinnheia i Kristiansand, som samla 6-7000 tilskodarar. Fleire av dei beste hopparane i Noreg på den tida deltok. Olav K. Flåt vart nr. 10.
Flåt heldt fram med hoppinga i nokre år etter krigen, og konkurrerte då mykje med den framste hopparen på Sørlandet i denne tida, Jørgen Nordbø, som også var frå Evje.
Olav K. Flåt representerte Evje AIL. Han er far til Knut Flåt.
Kjelder

]]
- Erik Kjebekk, Dyktige skihopparar frå Flatebygd, artikkel i Arnstein, 2010, s. 6-13
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010, s. 14-18