Olav K. Flåt

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olav K. Flåt
Født: 3. desember 1917
Død: 25. juli 2001 (83 år)

Olav K. Flåt (Olav Skånevollen) (fødd 1917, død 2001) var gardbrukar i Skånevollen og seinare i Haugan i Flatebygd i Evje. Frå midt på 1930-talet og fram mot krigsutbrotet i 1940 var han ein av dei beste skihopparane på Sørlandet. Under hopprenn i Ørnefjellbakken i Evje 7. februar 1937 sette han ny bakkerekord med 46,5 meter. Han sette også bakkerekord med eit hopp på 52 meter i Storheia i Kristiansand under eit hopprenn der den 8. mars 1937. I januar 1939 var det stort hopprenn i Tinnheia i Kristiansand, som samla 6-7000 tilskodarar. Fleire av dei beste hopparane i Noreg på den tida deltok. Olav K. Flåt vart nr. 10.

Flåt heldt fram med hoppinga i nokre år etter krigen, og konkurrerte då mykje med den framste hopparen på Sørlandet i denne tida, Jørgen Nordbø, som også var frå Evje.

Olav K. Flåt representerte Evje AIL og (etter krigen) Evje idrettslag. Han er far til Knut Flåt, Jorunn Marie Butveit og Margit Lunde.

Kjelder[rediger]

OLav K. Flåt hopper i Tinnheia i Kristiansand i 1946.
Foto: Utlånt av Jens Frigstad/Knut Flåt