Skilnad mellom versjonar av «Gunnar O. Abusdal»
(Gunnar O. Abusdal) |
s (Rettet tegnsetting) |
||
Line 10: | Line 10: | ||
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, s. 193-194 | *[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, s. 193-194 | ||
{{DEFAULTSORT:Abusdal, Gunnar O. | {{DEFAULTSORT:Abusdal, Gunnar O.}} | ||
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]] | [[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1841]] | [[Kategori:Fødsler i 1841]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1903]] | [[Kategori:Dødsfall i 1903]] | ||
[[Kategori:Bedriftsledere]] | [[Kategori:Bedriftsledere]] |
Versjonen frå 15. desember 2014 kl. 17:58
Gunnar Olson Abusdal (fødd 1841, død 1903) var handelsmann i Dåsnes og lokalpolitikar i Hornnes.
I unge år var Gunnar Abusdal lærar. Men så tok han til med handel. Først hadde han landhandel på Moi. Men så kjøpte han fleire eigedomar i Dåsnes i 1884 og byrja med landhandel der. Eigedomen med dei opprinnelege husa han hadde blei teken att på odel. Han bygde då nye store hus på austsida av hovudvegen, som i den tida gjekk midt gjennom Dåsnes, og heldt fram med handelen. I desse svære husa er det framleis forretning, no daglegvarebutikken Joker Dåsnes.
Straks før det blei vedteke å bygge Setesdalsbanen, slo Gunnar Abusdal til seg Jortveitmoen og også eit stykke utmark på Byglandsfjord. Han rekna med at det kom jarnbanestasjon i nærleiken av Dåsnes om jarnbanelina vart lagt på Hornnes-sida av Otra, eller at det kom endestasjon på Byglandsfjord om lina kom på austsida av elva. Etter at endestasjonen kom på Byglandsfjord, blei det selt fleire hustomter der. I Jortveitmoen kom Hornnes landsgymnas.
Gunnar Abusdal sat i kommunestyret i Hornnes i 1867-1871 og 1883-1897.
Kjelde
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 193-194