Auensneset: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Lagt til Vesla Nomelands beskrivelse av Paradis i Jol i Setesdal 1964
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks på gymnaset
Line 2: Line 2:
'''Auensneset''' er eit nes som stikk ut i innsjøen [[Breiflå]] i [[Hornnes]]. På Auensneset ligg [[Mineralparken]].  
'''Auensneset''' er eit nes som stikk ut i innsjøen [[Breiflå]] i [[Hornnes]]. På Auensneset ligg [[Mineralparken]].  

Ytterst på neset er det ei lita høgde. Denne vart tidlegare mykje kalla "Paradis", og var ein populær opphaldsstad for ungdom i bygda. [[Vesla Nomeland]], som var elev ved Hornnes landsgymnas og seinare vart lærar der, har skrive nokre mykje vakre ord om Paradis i [[Jol i Setesdal]]:
Ytterst på neset er det ei lita høgde. Denne vart tidlegare mykje kalla "Paradis", og var ein populær opphaldsstad for ungdom i bygda. [[Vesla Nomeland]], som var elev ved [[Hornnes landsgymnas]] og seinare vart lærar der, har skrive nokre mykje vakre ord om Paradis i [[Jol i Setesdal]]:

'' - "Paradis" er ei lita slette på ein knaus som skrånar bratt ned mot elva der ho renn brei og still forbi, kransa av vikar og sund, med små øyar og holmar som brot i den vide vassflata. I skyminga vert bålet tent, og glade røyster, lått og trekkspelmusikk lyder i kveldsstilla. Til ergrelse for sume bygdefolk kanskje, som er redde for å få nattesvevnen øydelagt når den glade skare omsider bryt opp utpå morgonsida, - og sjeldan er særleg lågmælde der dei dreg heim kvar til seg for å få nokre timars svevn før neste skuledag. Men for den som er ung og glad er det velsigna å få lufte vinteren ut av kroppen, danse seg gjennom ei kort vårnatt frå sola går ned, og blå skumring kviler over Paradis, til himmlen raudnar over Åsane i aust og varslar ein ny dag.''

Versjonen frå 25. november 2014 kl. 10:02

Auensneset med Mineralparken og Paradis ytterst.

Auensneset er eit nes som stikk ut i innsjøen Breiflå i Hornnes. På Auensneset ligg Mineralparken.

Ytterst på neset er det ei lita høgde. Denne vart tidlegare mykje kalla "Paradis", og var ein populær opphaldsstad for ungdom i bygda. Vesla Nomeland, som var elev ved Hornnes landsgymnas og seinare vart lærar der, har skrive nokre mykje vakre ord om Paradis i Jol i Setesdal:

- "Paradis" er ei lita slette på ein knaus som skrånar bratt ned mot elva der ho renn brei og still forbi, kransa av vikar og sund, med små øyar og holmar som brot i den vide vassflata. I skyminga vert bålet tent, og glade røyster, lått og trekkspelmusikk lyder i kveldsstilla. Til ergrelse for sume bygdefolk kanskje, som er redde for å få nattesvevnen øydelagt når den glade skare omsider bryt opp utpå morgonsida, - og sjeldan er særleg lågmælde der dei dreg heim kvar til seg for å få nokre timars svevn før neste skuledag. Men for den som er ung og glad er det velsigna å få lufte vinteren ut av kroppen, danse seg gjennom ei kort vårnatt frå sola går ned, og blå skumring kviler over Paradis, til himmlen raudnar over Åsane i aust og varslar ein ny dag.

Kjelde

Kart

Laster kart ...