John N. Hornnes: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
personmal |
s Lagt til et par kategorier |
||
| Line 14: | Line 14: | ||
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]] | [[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1836]] | [[Kategori:Fødsler i 1836]] | ||
[[Kategori:Ordførere i Evje og Hornnes]] | |||
[[Kategori:Bønder]] | |||
[[Kategori:Dødsfall i 1917]] | [[Kategori:Dødsfall i 1917]] | ||
Versjonen frå 2. november 2014 kl. 10:37
| John N. Hornnes | ||
|---|---|---|
| Født: | 18. juni 1836 | |
| Død: | 6. juli 1917 (81 år) | |
John Nottoson Hornnes var fødd 18. juni 1836 og døydde 6. juni 1917. Han var gift med Åsa G. Hornnes, som var fødd 25. november 1848 og døydde i 1884.
John N. Hornnes var gardbrukar og overtok bruket Haugen i Hornnes (garden) då han vart myndig i 1857. Han var særs interessert i både skogen og gardsstellet. Men han hadde mange interesser elles. Han sat i styret for Nedenes Amts Skogselskap 1898-1910. Han var postopnar i Hornnes i 52 år (1865-1917). Han sat i heradsstyret i fleire år. Han var ordførar i Hornnes kommune 1879-1881 og varaordførar 1885-1888. Han var medlem av forstandarskapet i Evje og Hornnes Sparebank 1864-1899, med i styret i banken i seks år og i kontrollnemda i fire år.
Heider
- Kong Oscar II sin sylvmedalje med diplom for arbeidet med jorddyrking og betring av feslaget
- Kong Haakons fortenestemedalje i sylv for lang og tru teneste som postopnar m.m.
Kjelde
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 352