Åsmund O. Kjetså: Skilnad mellom versjonar
Åsmund O. Kjetså |
s tegnsetting rettet |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*[[Nils Dåsvatn]], ''Neregarden på Kjetså'', utrykt stykke skriven i 2014 | *[[Nils Dåsvatn]], ''Neregarden på Kjetså'', utrykt stykke skriven i 2014 | ||
*[[Olav O. Uleberg]], [[Hornnes I, Gards- og ættesoge]], utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969 | *[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969 | ||
{{DEFAULTSORT:Kjetså, Åsmund O.}} | {{DEFAULTSORT:Kjetså, Åsmund O.}} | ||
Versjonen frå 22. september 2014 kl. 21:36
Åsmund O. Kjetså var fødd i 1915 på bruket Der Inne Aust (bruksnr. 3) i Neregarden - Kjetså i Hornnes, og døydde i 1947.
Åsmund var ein pådrivar for idretten mellom ungdomane i Hornnes-bygda. Nær husa på garden laga han ein idrettsbane, der ein kunne spele fotball. Det var hoppegrop for lengde og høgdestativ, og ringar å turne i. Åsmund fekk også bygd Kjetsåbakken på eigedomen, ein bakke der dei flinkaste kunne hoppe opp mot 27-28 meter. Han bugde òg ei badstoge nedanfor husa, der ungdomane fekk lov til å kome kvar fredag og ta sauna.
Asmund var sjølv ein dugeleg idrettsmann. Han var krinsmeister i kombinert, hopp og langrenn fleire gonger.
Det kom som eit stort sjokk på ungdomane i bygda som hadde blitt så glade i Åsmund, då dei fekk høyre at han hadde ein alvorleg sjukdom og ikkje kunne overleve. I 1947 døydde han, bare 32 år gamal.
Kjelder
- Nils Dåsvatn, Neregarden på Kjetså, utrykt stykke skriven i 2014
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969