Kyrkjeåsen: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Rettet skrivefeil i bildetekst |
s →Kart |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
== Kart == | == Kart == | ||
{{#display_map: 58.59820578973607,7.833839529705151~Kyrkjeåsen Evje}} | |||
Versjonen frå 31. desember 2025 kl. 13:43

Foto: Geir Daasvatn
Kyrkjeåsen er eit lite småbruk (gnr. 56 bnr. 64) og ein tidlegare husmannsplass under Evje prestegard på ei lita høgde like sør-aust for Evje kyrkje. Plassen er skild ut frå gnr. 56 bnr. 5 i 1942. Heimelshavar (2025) er Solveig Marie Lislevand (f. 1929). Fleire bustadhus er oppført her i nyare tid.
Husmannsplass
Iallfall frå folketeljinga i 1865 var det folk i Kyrkjeåsen. Husmannen då heitte Samuel Stillesen. Han var 74 år og enkemann. Son til Samuel, Gunder, sat seinare også ei tid som husmann i Kyrkjeåsen. Etter han igjen heitte husmannen Gunder Torjesen.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, bind I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemnd, 1990, side 160–161