Hopp til innhald

Stamp: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s BIlde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks
Line 7: Line 7:


== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VIII, Kultursoge]]'', utgjeve av Valle kommune, 1994, side 276–277
*[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VIII, Kultursoge 2]]'', utgjeve av Valle kommune, 1994, side 276–277
*Alfred Ryningen, ''[[Valle kommune V, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av Valle kommune, 1987, side 465 og side 531 m.fl.
*Alfred Ryningen, ''[[Valle kommune V, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av Valle kommune, 1987, side 465 og side 531 m.fl.
*[[Vidar Toreid]], ''Sogevandring i «industrieventyr»'', stykke i [[Setesdal og setesdølar]], 2020, side 64–65
*[[Vidar Toreid]], ''Sogevandring i «industrieventyr»'', stykke i [[Setesdal og setesdølar]], 2020, side 64–65

Versjonen frå 3. mai 2025 kl. 07:58

Stampen i Homsåni 30. april 2025.

Ein stamp i Setesdal var ein innretning der bygdefolket kunne få stampa vevane sine, det vil seie få tøvt dei til ferdig vadmål. Stampinga var ei «etterbehandling» av det vove tøyet. Stamping av ullstoffet gjorde at det blei tettare, varmare, meir stabilt og slitesterkt.

Sett frå utsida kunne ein tøystamp likne ikkje så lite på eit kvernhus. Det var eit lite, firkanta og tømra bygg som låg ved ein bekk eller ei elv. Veven (tøyet) blei lagt i ei renne eller eit stort tròg med varmt vatn inne i stampehuset. Ei vassrenne førte vatnet inn mot eit vasshjul på utsida. Vasshjulet dreiv ein kraftig, horisontal hjulstokk med knastar som løfta og slapp dei store, loddrette stampestokkane som banka veven inne i huset. Ulla blei då filtra saman, slik at tøyet blei tett og varmt.

Lavrans Hallvardsson Homme (f. 1894, d. 1958) hadde stamp i Homsåni i Valle. Han skal ha vore den siste som stampa tøy for folk. Stampen hans står enno langs elva, som kanskje den einaste i Setesdal. STampen blei restaurert av Torjus Uppstad i 1998, og er (2025) eigd av Karin Bøe.

Kjelder

Eksterne lenker