Torjus Uppstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torjus Uppstad
Født: 1. mai 1953
Død: 27. august 2017 (64 år)

Torjus Uppstad (fødd 1. mai 1953, død 27. august 2017) arbeidde som kommuneplanleggar og teknisk sjef i Valle kommune i fleire år før han i 1990 satsa for fullt på lafting, never- og restaureringsarbeid. Han har utdanninga si frå Norges Tekniske Høgskole og Høgskulen i Telemark, avdeling Rauland. I perioden 1990–1993 var han tilknytt mellomalderprosjektet med oppdrag i Setesdal og Telemark. Uppstad har fleire kurs i lafting, restaurering, muring og nevertekking. Han har og halde kurs i dette, mellom anna i regi av Valdres Folkemuseum. i 2009-2010. Frå 2008 til 2009 var han engasjert av Nordlandsmuseet som bygningsvernkonsulent. Frå 2010 til 2011 arbeidde han på Helgeland museum.

Utanom sitt faglege engjasment innan bygningsvern har Torjus Uppstad vore tilsett i deltidsstilling som leiar for Valle Fiskeadministrasjon. Han gifta seg hausten 2014 med Karin Bøe.

Torjus Uppstad etterlet seg kona Karin, dottera Åshild, søskena Gunnar, Aslak, Helga, Tor, Kristine og Arne med familiar. Gravferda var frå Valle kyrkje onsdag 6. september 2017 klokka 12. Like kjært som blomar var ei gåve til kreftforskning. Gåva kunne gjevast i kyrkja.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]