Ura: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet skrivefeil i bildetekst
Line 1: Line 1:
[[Fil:Ura Kallhovd 280824 (1).jpg|mini|høgre|Gamle hustufter i Ura [[28. august 2024]]. {{Byline|[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Ura Kallhovd 280824 (1).jpg|mini|høgre|Gamle hustufter i Ura [[28. august 2024]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Ura''' var ein husmannsplass på [[Kallhovd]], under Urefjellet ved grensa mot [[Jortveit]], i [[Hornnes]]. Her stod både innhus og uthus. Det bli sett opp nye hus i 1882. Dei gamle husa var då til nedfalls.
'''Ura''' var ein husmannsplass på [[Kallhovd]], under Urefjellet ved grensa mot [[Jortveit]], i [[Hornnes]]. Her stod både innhus og uthus. Det bli sett opp nye hus i 1882. Dei gamle husa var då til nedfalls.



Versjonen frå 12. september 2024 kl. 05:48

Gamle hustufter i Ura 28. august 2024.

Ura var ein husmannsplass på Kallhovd, under Urefjellet ved grensa mot Jortveit, i Hornnes. Her stod både innhus og uthus. Det bli sett opp nye hus i 1882. Dei gamle husa var då til nedfalls.

Når plassen blei rydda veit ein ikkje. Det skal ha budd ein mann der i 1850–1860-åra. Frå kring 1865 budde Ola Olson («Ola Sannaberg», f. 1814, d. 1894) der med kona Guro Kristensdotter. Han døydde i 1894, etter å ha blitt utsett for ei ulykke i haustonna. Enka Guro budde i Ura saman med yngste dottera Mari etter at mannen var død. Guro døydde i 1897.

Gunnar G. Uleberg d.e. budde nokre år i Ura med huslyden sin.

Den siste som budde i Ura var Alf Olson Ura (f. 1854, d. 1913), son til Ola Sannaberg. Han var oppvaksen i Ura. Han blei gift med Anna Severine frå Sirdal. Dei og borna budde fleire stader før dei kom tilbake dit. Anna Severine døydde i 1909. Då Alf døydde i 1913 budde han i plassen Frøyså under Jortveit. Så noko før det må Ura ha blitt fråflytta for godt.

Kjelder