Hopp til innhald

Hovden Fjellbad: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Fjernet unødig lenke
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Geir Daasvatn flytte sida Hovden Badeland til Hovden Fjellbad: Navnbytte i forbindelse med nyåpning etter brann
(Ingen skilnad)

Versjonen frå 26. september 2025 kl. 02:06

Dagleg leiar Torvald Gautland 20. juni 2024, foran tomta som skal huse ei stor utviding av verksemda innan 2025.

Hovden Badeland er eit badeanlegg på Hovden i Bykle. Det har basseng både inne og ute, til saman er anlegget på 3000 kvadratmeter fordelt på to etasjar. Hovden Badeland er eit heilårsanlegg, og i vatnet er det 30 grader. I 2011 hadde anlegget 49.500 gjester, noko som var ein nedgang på 1600 frå 2010. Omsetninga i 2011 var på 7,2 millionar, noko som var ein halv million mindre enn i 2010. Men på grunn av mindre straumutgifter etter at dei installerte flisfyringsanlegg, som stod ferdig i desember 2010, kom ein likevel ut på pluss-sida i rekneskapen.

Hovden Badeland, som vart etablert i 1990, er eigd av Hovden Prosjektutvikling, som igjen er eigd av Bykle kommune. Dagleg leiar er Torvald Gautland.

Kjelder

Eksterne lenker