Feltspat: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Ryddet i kategorier |
s Presisert en kategori |
||
| Line 7: | Line 7: | ||
*[[Ole Fridtjof Frigstad]], ''100 år med feltspatdrift og mineraljakt'', kapittel i [[Olav O. Uleberg]] og [[Olav Arne Kleveland]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band II, 2003, side 23-24 | *[[Ole Fridtjof Frigstad]], ''100 år med feltspatdrift og mineraljakt'', kapittel i [[Olav O. Uleberg]] og [[Olav Arne Kleveland]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band II, 2003, side 23-24 | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Bergarter]] | ||
Versjonen frå 16. april 2022 kl. 07:30
Feltspat høyrer til den viktigaste gruppa av mineral som dannar bergartar, og utgjer opp mot 60 % av jordskorpa. Feltspat er med det det vanlegaste mineralet i jordskorpa.
Området Evje - Iveland har mykje av størkningsbergarten gabbro. Feltet er nesten 100 kvadratkilometer stort, og er det største gabbrofeltet i heile Agder. Denne bergarten er ein særs god «moderbergart» til å gje rom for innskot av pegmatitt (feltspatgangar). Kanskje er det ikkje nokon stad i heile Norden med så mykje pegmatitt pr. kvadratkilometer som i Evje - Iveland. Desse pegmatittane gav grunnlag for ei svær gruvedrift etter feltspat i både Evje og Iveland på 1900-talet. Det skal alt i alt vere rundt 300 feltspatbrot i gabbrofeltet. Om lag 80 av dei ligg i Evje.
Kjelder
- Artikkelen om Feltspat på Wikipedia (bokmål), besøkt 26. juli 2018
- Ole Fridtjof Frigstad, 100 år med feltspatdrift og mineraljakt, kapittel i Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, 2003, side 23-24