Setesdal Hotel: Skilnad mellom versjonar
s Kjelde |
s Bilde |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Setesdal Hotell Bygland 150516.JPG|miniatyr|høyre|Hotellet ligg idyllisk til ved breidda av Byglandsfjorden. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Setesdal Hotell Bygland 150516.JPG|miniatyr|høyre|Hotellet ligg idyllisk til ved breidda av Byglandsfjorden. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
[[Fil:Setesdal Hotell Bygland 040622.jpg|miniatyr|høyre|Setesdal Hotel [[4. juni 2022]]. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | |||
'''Setesdal Hotel''' ligg på [[Nesmoen]] i [[Bygland]], mellom [[Byglandsfjorden]] og [[Riksveg 9]], eit par kilometer nord for Bygland sentrum. Bygningane vart sette opp i 1981, og arkitekturen er godt tilpassa lokal byggeskikk. I fleire periodar har komplekset vore utleigd og brukt som [[Bygland statlige mottak|asylmottak]]. Eigarar til 2009 var [[Ragnhild Engesland]] og [[Knut William Bygland]]. Då blei hotellet selt til [[Knut Olav Dalen]] frå [[Froland]]. Knut William Bygland skulle framleis stå for kafèdrifta. I dag (2018) har Knut William igjen overtatt eigarskapen, og eig 100 prosent av aksjane i Setesdal Hotel AS. I 2018 skulle [[Ann Catrin Johansson]] leige og drive hotellet. | '''Setesdal Hotel''' ligg på [[Nesmoen]] i [[Bygland]], mellom [[Byglandsfjorden]] og [[Riksveg 9]], eit par kilometer nord for Bygland sentrum. Bygningane vart sette opp i 1981, og arkitekturen er godt tilpassa lokal byggeskikk. I fleire periodar har komplekset vore utleigd og brukt som [[Bygland statlige mottak|asylmottak]]. Eigarar til 2009 var [[Ragnhild Engesland]] og [[Knut William Bygland]]. Då blei hotellet selt til [[Knut Olav Dalen]] frå [[Froland]]. Knut William Bygland skulle framleis stå for kafèdrifta. I dag (2018) har Knut William igjen overtatt eigarskapen, og eig 100 prosent av aksjane i Setesdal Hotel AS. I 2018 skulle [[Ann Catrin Johansson]] leige og drive hotellet. | ||
Versjonen frå 5. juni 2022 kl. 14:24

Setesdal Hotel ligg på Nesmoen i Bygland, mellom Byglandsfjorden og Riksveg 9, eit par kilometer nord for Bygland sentrum. Bygningane vart sette opp i 1981, og arkitekturen er godt tilpassa lokal byggeskikk. I fleire periodar har komplekset vore utleigd og brukt som asylmottak. Eigarar til 2009 var Ragnhild Engesland og Knut William Bygland. Då blei hotellet selt til Knut Olav Dalen frå Froland. Knut William Bygland skulle framleis stå for kafèdrifta. I dag (2018) har Knut William igjen overtatt eigarskapen, og eig 100 prosent av aksjane i Setesdal Hotel AS. I 2018 skulle Ann Catrin Johansson leige og drive hotellet.
Taka til hotellet er torvdekte, og svalgangar knytter romma saman. Komplekset har 22 dobbeltrom og 15 familierom med til saman 90 sengeplassar. Fleire av romma har høve til matlaging. Kaféen har sitjeplassar til 150, og selskaps- og møterom for 10 – 120 gjester. Like ved hotellet ligg ei badestrand på det kommunale friområdet Gullsand.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 20112, side 179–180.
- Om Setesdal Hotel AS på Proff.no
- Ole Birger Lien, Ny drivar på Setesdal Hotel, artikkel i Setesdølen nr. 9, 2018, side 16
- Sigurd Haugsgjerd, – Anleggsarbeidet har berga oss, artikkel om Knut William Bygland og Setesdal Hotel i Setesdølen nr. 72, 2021, side 6–7