Heimigardsløa: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s Lagt til en kategori |
s Lenke Findalslaft |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Heimigardsløa Rysstad 200717.jpg|miniatyr|høyre|Heimigardsløa [[20. juli 2017]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Heimigardsløa Rysstad 200717.jpg|miniatyr|høyre|Heimigardsløa [[20. juli 2017]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
[[Fil:Heimigard Rysstad løa 180217.jpg|miniatyr|høyre|Heimigardsløa under restaurering vinteren 2017. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | [[Fil:Heimigard Rysstad løa 180217.jpg|miniatyr|høyre|Heimigardsløa under restaurering vinteren 2017. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
'''Heimigardsløa''' er ei gamal løe, ein av dei eldste trebygningane i [[Setesdal]], på bruket [[Heimigard Rysstad]] på [[Rysstad]] i [[Valle]]. Løa er bygd før 1350, altså før Svartedauden. Det kan ein vite ut frå korleis hjørna er hogne i hop på. Det er ''findalslaft'', ein måte å lafte på som bare er kjend før 1350. | '''Heimigardsløa''' er ei gamal løe, ein av dei eldste trebygningane i [[Setesdal]], på bruket [[Heimigard Rysstad]] på [[Rysstad]] i [[Valle]]. Løa er bygd før 1350, altså før Svartedauden. Det kan ein vite ut frå korleis hjørna er hogne i hop på. Det er ''[[Findalslaft|findalslaft]]'', ein måte å lafte på som bare er kjend før 1350. | ||
Løa er det einaste huset i sitt slag som ein kjenner frå mellomalderen. Ho er såleis truleg den eldste løa i landet. Ho er automatisk freda etter Kulturminneloven. | Løa er det einaste huset i sitt slag som ein kjenner frå mellomalderen. Ho er såleis truleg den eldste løa i landet. Ho er automatisk freda etter Kulturminneloven. | ||
Versjonen frå 8. mars 2020 kl. 18:26

Foto: Geir Daasvatn
Foto: Geir Daasvatn
Heimigardsløa er ei gamal løe, ein av dei eldste trebygningane i Setesdal, på bruket Heimigard Rysstad på Rysstad i Valle. Løa er bygd før 1350, altså før Svartedauden. Det kan ein vite ut frå korleis hjørna er hogne i hop på. Det er findalslaft, ein måte å lafte på som bare er kjend før 1350.
Løa er det einaste huset i sitt slag som ein kjenner frå mellomalderen. Ho er såleis truleg den eldste løa i landet. Ho er automatisk freda etter Kulturminneloven.
Restaurering
Løa blei første gong restaurert rundt 1970. Det var Bjørgulv T. Rysstad med fleire som stod for arbeidet. Vinteren 2016/2017 blei ho restaurert på nytt. Bygningsmannen då var Hallvard Nomeland.
Sjå også
Kjelder
- Olav Bø, Setesdal. Folk, kunst og tradisjon, Oslo 1980, side 117-118
- Johs. Bjørkeli, Dalen med museum på hver gård, artikkel i Fædrelandsvennen, God Helg, 7. oktober 2016
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1986, side 277-291
- Anna Olavsdotter Rysstad og Ivar T. Dahl med opplysningar om restaurering på Facebook-sida «Setesdalsnytt» september 2017