Gyvatn: Skilnad mellom versjonar
meir zoom |
s Omkateg. |
||
| Line 10: | Line 10: | ||
[[Kategori:Bygland]] | [[Kategori:Vatn i Bygland]] | ||
[[Kategori:Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Åseral]] | [[Kategori:Åseral]] | ||
Versjonen frå 1. oktober 2012 kl. 22:49
Gyvatn er eit vatn som ligg på fjellet 565 meter over havet på vestsida av Byglandsfjorden i kommunane Evje og Hornnes og Bygland i Aust-Agder samt Åseral kommune i Vest-Agder. Vatnet er 4,62 kvadratkilometer og har ein omkrets på 40,73 km. Ved utløpet av Gyvatn er det ein hovuddam og tre mindre dammar. Desse vart opprusta og rehabiliterte for 7 mill. i 2009 av ECO Bygg. Fleire stader måtte dei nytte helikopter for å frakte inn utstyr og betong. Prosjektet varte i tre månader.[1]
I august 1996 sette Motstandsrørsla mot Gyvatn artilleriskytefelt opp ei minneplate på ei øy i Gyvatn om motstandskampen for å redde 120.000 mål natur i grensetraktene mellom Bygland, Åseral og Evje og Hornnes kommuar frå å verte skytefelt. Minneplata vart fjerna, truleg i 2006. Men i april 2011 vart det sett opp ei tilsvarande minneplate på Sandvassknuten.[2]
Referansar
- ↑ Rusta opp dammar ved Gyvatn. Artikkel i Setesdølen nr. 96, 2009 side 7
- ↑ Johs. Bjørkeli: Minneplata over geriljakrigen. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt 15. april 2011 side 28