Topsæstemmen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Knu-eldh (diskusjon | bidrag)
Inkje endringssamandrag
Knu-eldh (diskusjon | bidrag)
Inkje endringssamandrag
Line 5: Line 5:
== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 230
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 230
*Delvis basert på opplysningar frå Knut Eldhuset


== Kart ==
== Kart ==

Versjonen frå 21. januar 2019 kl. 10:25

Topsæstemmen og fosskarhytta 2017.
Topsæstemmen i 1970.
Knipefossen 15 mai 2016.

Topsæstemmen var ein flotingsdam i søre enden av Topsæ i Bygland austhei. Ut av Topsæ renn Tovdalselva (Årdalsåna), som blei nytta til tømmerfloting i eldre tider. I dag er mykje av dammen rast ned. Ei hytte som fosskarane nytta under arbeidet står fortsatt på staden. I øvre venstre hjørne i det øvste biletet kan ein sjå der Ånund Eldhuset hogg tømmer i februar 2017. Bua i Øvre Løyningsli ligg noko utanfor biletet. På biletet i midten ser ein restar av det dei kalla sleppebrua. Stemplankene blei sett mot stokkane som ligg under vatnet og mot sleppebrua festa med ei jernlenke. Mange av stemplankene låg framleis strødd nedover langs Årdalselva på 1970 talet. I 1972 var nokre så friske at dei blei nytta til raptar (taksperrer) i eit lafta tilbygg i Øvre Løyningsli bua (Eldhuset bnr 5). Det nedste biletet viser Knipefossen gjennom det tronge gjelet i vårflaumen og Topsæstemmen i bakgrunnen. Slik og endå større kunne nok elva vere når dei sleppte stemmen.

Kjelder

Kart

Laster kart ...