Årdalen: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s Kart |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 14: | Line 14: | ||
[[Kategori:Daler]] | [[Kategori:Daler]] | ||
[[Kategori:Åraksbø]] | [[Kategori:Åraksbø]] | ||
[[Kategori:Åmli]] | |||
Versjonen frå 30. juni 2017 kl. 11:40
Årdalen er eit dalføre aust for Åraksbø i Bygland. Ein kan seie at den «eigentlege» Årdalen strekker seg frå sørenden av det store vatnet Topsæ[1] i Bygland til Rjukanfossen nord for Dale i Tovdal. Gjennom heile dalen renn Tovdalselva, eller Årdalsåna som er det lokale namnet på elva i Bygland.[2] Det går skogsbilveg, Årdalsvegen, inn til Årdalen frå Haugetveit aust for Åraksbø.
Ein del av Årdalen er verna som Årdalen naturreservat. I nord går grensa litt sør for Årdalsvegen. Sørover strekker reservatet seg til Rjukanfossen.
Kjelder
Referansar
- ↑ Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, side 226, 2. spalte nederst
- ↑ Bygland gard og ætt, bind IV, side 234, 2. spalte