Bøgruva: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Sjå også: lenkefiks
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Kjelder: lenker
Line 17: Line 17:


==Kjelder==
==Kjelder==
*[[Leonhard B. Jansen]] og Alfred Ryningen: ''Valle kommune VII Kultursoge'' side 272
*[[Leonhard B. Jansen]] og [[Alfred Ryningen]]: ''[[Valle kommune VII, Kultursoge 1]]'' side 272
*Alfred Ryningen: ''Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle'' side 107
*Alfred Ryningen: ''Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle'' side 107


[[Kategori:Gruver i Valle]]
[[Kategori:Gruver i Valle]]

Versjonen frå 1. november 2016 kl. 10:21

Fil:Valle, Bøgruva (0)W.JPG
Bøgruva
Foto: Siri Johannessen
Fil:Valle, Bøgruva (1)Wcr.JPG
Bøgruva
Foto: Siri Johannessen

Bøgruva er ei gammal gruve der ein vann ut kopar. Gruva ligg vel ein halv kilometer (luftlinje) nordvest frå Bøgardane i Valle kommune. I 1984 vart det bygd ein skogsbilveg frå Åmli, det er langs denne ein går når ein går til Bøgruva i Postkassetrimmen i Valle.

Historie

På Bergverksmuseet på Kongsberg er det malm frå Bøgruva som er oppgitt å vere frå 1826. Gruvedrifta kom i gang i 1844 i regi av Det Sæthersdalske Kobberværk. Konsul G. F. Reinhardt i Kristiansand fekk mutingsbrev i 1844 og rett til all bergverksdrift på garden for seg og arvingane. Han fekk og rett til å overdrage rettane til andre. For dette skulle han betale 12 spesiedalar årleg. Denne summen skulle fordelast på grunneigarane etter skyld.

Ved folketeljinga i 1845 var det 34 mann i arbeid i gruva. Smeltehytta var i Åraksbø, så det var lang transport. Den skjedde om vinteren, men drifta av Bøgruva vart avslutta.

I 1863 vart drifta teken opp att. Då syner gamle papir at i alle fall i 1875 var det folk som arbeidde i gruva. Siste perioden gruva var i drift, var under 1. verdskrigen. I dei tre siste åra fram til drifta vart nedlagt 1. august 1918, arbeidde 12 - 13 mann i gruva.

Kart

Laster kart ...

Sjå også

Kjelder