Hopp til innhald

Torleif O. Homme: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Endret kategori fra teologer til prester
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
ET lite avsnitt om Torleif Homme sin utdannelse i Telemark og i Amerika
Line 9: Line 9:

Torleiv vaks opp i tronge kår. Men han lærte tidleg å lese. Vanlege bøker var mest ikke å finne, så han las mykje i bibelen. Alt i barneåra skal han ha sett seg som mål at han aldri ville bry seg med det som var skikk og bruk mellom folk, men alltid gjera det han tykte var rett og godt.  Ved sida å samle seg kunnskap gjennom mykje lesing, lærte han seg også å bruke hendene, noko han fekk nytte av gjennom heile livet. Han må ha vore ein heilt uvanleg unggut, med rike intellektuelle gåver, men framfor alt andre interesser, ei anna haldning, enn gutungar flest.

===Ut i verda==
I 1867 reiste Torleif til Fjære ved Grimstad der han gjette sauer og arbeidde ved eit båtbyggeri. Sommaren 1868 var han gjetar ved Nes jernverk i Tvedestrand. Hausten 1868 kom han til Flatdal i Telemark, til søskenbarnet Aasmund Sveinson Nordgard. Aasmund hjelpte Torleif inn på lærarskulen i Kviteseid. Torleiv tok lærareksamen her i 1873 med svært gode karakterar.
Foreldra og søskena til Torleif var i mellomtida reist til Amerika. Torleif drog etter i 1873. Han kom inn på Luther College i Iowa. Det var eit seksårig gymnas. Torleif gjekk ut  med laud i 1878. Han utdanna seg vidare på Luther Seminary, og var ferdig utdanna prest i 1881.

(Artikkelen er ein start)
(Artikkelen er ein start)

Versjonen frå 22. desember 2014 kl. 15:29

Torleif O. Homme
Født: 17. august 1852
Død: 6. mai 1936 (83 år)

Torleif O. Homme (fødd 17. august 1852 i Valle, død 6. mai 1936 i Hornnes) var teolog, lærar, målmann, forfattar og fråhaldsmann, men framfor alt ein stor tenkjar og religionsgranskar i si tid. Han vart fødd og vaks opp i Valle, og var sterkt knytta til heimbygda si heile livet, men levde dei siste åra sine i Hornnes. Han er gravlagd ved Hornnes kyrkje.

Livsveg

Barneår i Valle

Foreldra til Torleif var Olav Olsson Rygnestad og Åse Åsmundsdotter Dale. Då han vart fødd, budde dei på Feddufs, ein husmannsplass under Flateland. Sjølve fødselen skal ha funne stad medan mora var på støylen Voglumtveit. Seinare kom dei til Bronen, ein plass under Homme. Her budde Torleif frå han var sju til han var 14 år gamal.

Både på farssida og morssida var slekta mellom dei mest framståande i Valle, og Torleif ætta i bein line frå Vonde-Åsmund Rygnestad. Foreldra hadde ei tid gard i Telemark. Men dei greidde ikkje å halde på garden, og kom heim igjen til Valle før Torleiv vart fødd.

Torleiv vaks opp i tronge kår. Men han lærte tidleg å lese. Vanlege bøker var mest ikke å finne, så han las mykje i bibelen. Alt i barneåra skal han ha sett seg som mål at han aldri ville bry seg med det som var skikk og bruk mellom folk, men alltid gjera det han tykte var rett og godt. Ved sida å samle seg kunnskap gjennom mykje lesing, lærte han seg også å bruke hendene, noko han fekk nytte av gjennom heile livet. Han må ha vore ein heilt uvanleg unggut, med rike intellektuelle gåver, men framfor alt andre interesser, ei anna haldning, enn gutungar flest.

=Ut i verda

Kjelder