Fjellklangvegen: Skilnad mellom versjonar
Glemt kategori |
s →Kjelder: lenkefiks |
||
| Line 10: | Line 10: | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*[[Mikkjel Skjevrak]]: ''[[A/S Byglandsfjord Dampsag & Høvleri | *[[Mikkjel Skjevrak]]: ''[[A/S Byglandsfjord Dampsag & Høvleri 1898–1948]]'' P. M. Danielsens trykkeri, Arendal, side 23. | ||
*Fiskaa og Myckland: ''Norges Bebyggelse, Aust-Agder vestre del'' 1956, side 122 og 127. | *Fiskaa og Myckland: ''Norges Bebyggelse, Aust-Agder vestre del'' 1956, side 122 og 127. | ||
*[[Reidar Tveito]]. | *[[Reidar Tveito]]. | ||
Versjonen frå 28. desember 2021 kl. 23:02



Fjellklangvegen er ein tilførselsveg til eit mindre bustadfelt med 7 bustadar på Byglandsfjord. Området ligg nær riksveg 9.
Historie
Vegen har namn etter eit ungdomslokale, Fjellklang, som ein gong stod her. Dette vart sett opp i 1915-16 etter at det fyrste ungdomslokalet i bygda brann saman med Byglandsfjord Dampsag i 1913. Nå vart det sett opp av murblokkar, men vart riven i 1972 då Setesdalsvegen måtte utvidast. Erstatninga for bygget var for lita til noko nytt bygg. Bygda skaffa seg eit mellombels lokale i jarnbanens lokomotivstall i 1992-93. Så i 2006 kom Årdalshallen til stor glede og nytte for heile soknet.
Dei fyrste husa i dette området var Sundstad og Bergland, sett opp i 1919 og 1920. Etter at Fjellklang vart riven, vart det lagt til rette for nokre fleire bustadar i området, i alt 7. Området kallast Fjellklang, og i 2014 fekk vegsløyva namnet Fjellklangvegen.
Kjelder
- Mikkjel Skjevrak: A/S Byglandsfjord Dampsag & Høvleri 1898–1948 P. M. Danielsens trykkeri, Arendal, side 23.
- Fiskaa og Myckland: Norges Bebyggelse, Aust-Agder vestre del 1956, side 122 og 127.
- Reidar Tveito.