Fjellklangvegen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Det gamle ungdomslokalet Fjellklang i 1971. Bygget måtte rivast for å gje plass til utvida riksveg 9.
Fjellklangvegen går ut til høgre. Riksveg 9 til venstre.
Foto: Reidar Tveito
Fjellklangvegen teikna med raud strek.

Fjellklangvegen er ein tilførselsveg til eit mindre bustadfelt med 7 bustadar på Byglandsfjord. Området ligg nær riksveg 9.

Historie

Vegen har namn etter eit ungdomslokale, Fjellklang, som ein gong stod her. Dette vart sett opp i 1915-16 etter at det fyrste ungdomslokalet i bygda brann saman med Byglandsfjord Dampsag i 1913. Nå vart det sett opp av murblokkar, men vart riven i 1972 då Setesdalsvegen måtte utvidast. Erstatninga for bygget var for lita til noko nytt bygg. Bygda skaffa seg eit mellombels lokale i jarnbanens lokomotivstall i 1992–93. Så i 2006 kom Årdalshallen til stor glede og nytte for heile soknet.

Dei fyrste husa i dette området var Sundstad og Bergland, sett opp i 1919 og 1920. Etter at Fjellklang vart riven, vart det lagt til rette for nokre fleire bustadar i området, i alt 7. Området kallast Fjellklang, og i 2014 fekk vegsløyfa namnet Fjellklangvegen.

Kjelder