Hopp til innhald

Lars Kile: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Lars Kile
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Fått navnet i alfabetisk rekkefølge
Line 10: Line 10:
*[[Anfinn Lislevand]], ''Ågedaleigedomen'', artikkel i [[Arnstein]], årsskrift for [[Evje og Hornnes Sogelag]], 2014, s. 17-18
*[[Anfinn Lislevand]], ''Ågedaleigedomen'', artikkel i [[Arnstein]], årsskrift for [[Evje og Hornnes Sogelag]], 2014, s. 17-18


{{DEFAULTSORT:Kile, Lars}}
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Bedriftsledere]]
[[Kategori:Bedriftsledere]]

Versjonen frå 3. desember 2014 kl. 12:29

Lars Kile er pensjonert kleshandlar i Evje. Han er gift med Laila Kile. Dei gifta seg i 1969.

Då Lars som ung gut kom heim frå militæret, fekk han seg i 1970 arbeid hos Ole K. Thomassen i Evje herre- og gutteklær i Ågedalhuset litt nord i Evje sentrum. Kona Laila arbeidde også i butikken. Thomassen ville etterkvart konsentrere seg om å drive kledebutikk i si heimbygd Vennesla. Lars og Laila kjøpte då (1975) butikken på Evje, og starta Lars Kile AS. Ågedalhuset var lite og trongt for ein butikk, med ei bratt steintrapp utanfor, så i 1979 reiv dei det gamle huset og bygde eit nytt, stort og flott forretningsbygg på same tomta.

Lars pensjonerte seg som leiar av kledebutikken i 2010, og overlet ansvaret til dottera Rita Kile. No opptrer han bare som konsulent og vegleiar. Fritida bruker han i staden til å drive med det som interesserer han aller mest, jakt, fiske og arbeid i skogen, og då gjerne knytta til natureigedomen og hytta familien har på Brenne i Mykland.

I oppveksten i Evje og langt opp i vaksen alder var Lars ein ivrig fotballspelar i Otra IL.

Kjelde