Lars Bristol: Skilnad mellom versjonar
s Lagt til en ekstern lenke |
Rettet fødselsdato og føyd til et par kategorier |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Lars Bristol''' (Lars Nilsson Breistøl) var oppfinnar og forretningsmann. Han var også ein dyktig fotograf. Han var fødd i 1848 på husmannsplassen [[Breistøl]] i [[Hornnes]] og døydde | '''Lars Bristol''' (Lars Nilsson Breistøl) var oppfinnar og forretningsmann. Han var også ein dyktig fotograf. Han var fødd i 1848 på husmannsplassen [[Breistøl]] i [[Hornnes]] og døydde [[1. februar 1924]] i London. Han var son til den vidkjende børsesmeden og bjørneskyttaren [[Nils Olson Breistøl]] og [[Ingeborg Nottosdotter Breistøl]]. | ||
Lars var svært evnerik, og blei tidleg i livet lagt merke til. Han kom til Horten marineverkstad og var der i seks år. Seinare reiste han til Newcastle og arbeidde på ein våpenfabrikk i sju år. I 1879 kom han til Sir Joseph Swans elektriske forretning i London. Swan var ein mykje kjend vitskapsmann, som konkurrerte med Thomas Alva Edison om å vere oppfinnaren av glødelampa. Under arbeidet hos Swan kom Lars til å studera elektrisiteten meir inngåande, og gjorde fleire oppfinningar som han fekk patent på. Nokon meiner Lars Bristol var den eigentlege oppfinnaren av glødelampa òg, men at namnet hans forsvann i striden mellom dei to verdskjende Edison og Swan. | Lars var svært evnerik, og blei tidleg i livet lagt merke til. Han kom til Horten marineverkstad og var der i seks år. Seinare reiste han til Newcastle og arbeidde på ein våpenfabrikk i sju år. I 1879 kom han til Sir Joseph Swans elektriske forretning i London. Swan var ein mykje kjend vitskapsmann, som konkurrerte med Thomas Alva Edison om å vere oppfinnaren av glødelampa. Under arbeidet hos Swan kom Lars til å studera elektrisiteten meir inngåande, og gjorde fleire oppfinningar som han fekk patent på. Nokon meiner Lars Bristol var den eigentlege oppfinnaren av glødelampa òg, men at namnet hans forsvann i striden mellom dei to verdskjende Edison og Swan. | ||
| Line 5: | Line 5: | ||
Ei av oppfinningane til Lars Bristol var ei elektrisk gruvelampe. I 1885 starta han forretninga The Bristol Electric Safety Lamp Werks. Her hadde han opp mot 80-100 mann i arbeid på det meste. | Ei av oppfinningane til Lars Bristol var ei elektrisk gruvelampe. I 1885 starta han forretninga The Bristol Electric Safety Lamp Werks. Her hadde han opp mot 80-100 mann i arbeid på det meste. | ||
Då Lars blei eldre, gjekk det tilbake med forretninga hans. Det kom nye oppfinningar som gjorde ho mindre lønsam. | Då Lars blei eldre, gjekk det tilbake med forretninga hans. Det kom nye oppfinningar som gjorde ho mindre lønsam. På hausten i 1923 vart han overkøyrd i London og døydde altså der 1. februar 1924. Han var ugift, og hadde ikkje etterkomarar. | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
| Line 17: | Line 17: | ||
{{DEFAULTSORT:Bristol, Lars}} | {{DEFAULTSORT:Bristol, Lars}} | ||
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]] | [[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1848]] | |||
[[Dødsfall i 1924]] | |||
Versjonen frå 14. oktober 2014 kl. 22:21
Lars Bristol (Lars Nilsson Breistøl) var oppfinnar og forretningsmann. Han var også ein dyktig fotograf. Han var fødd i 1848 på husmannsplassen Breistøl i Hornnes og døydde 1. februar 1924 i London. Han var son til den vidkjende børsesmeden og bjørneskyttaren Nils Olson Breistøl og Ingeborg Nottosdotter Breistøl.
Lars var svært evnerik, og blei tidleg i livet lagt merke til. Han kom til Horten marineverkstad og var der i seks år. Seinare reiste han til Newcastle og arbeidde på ein våpenfabrikk i sju år. I 1879 kom han til Sir Joseph Swans elektriske forretning i London. Swan var ein mykje kjend vitskapsmann, som konkurrerte med Thomas Alva Edison om å vere oppfinnaren av glødelampa. Under arbeidet hos Swan kom Lars til å studera elektrisiteten meir inngåande, og gjorde fleire oppfinningar som han fekk patent på. Nokon meiner Lars Bristol var den eigentlege oppfinnaren av glødelampa òg, men at namnet hans forsvann i striden mellom dei to verdskjende Edison og Swan.
Ei av oppfinningane til Lars Bristol var ei elektrisk gruvelampe. I 1885 starta han forretninga The Bristol Electric Safety Lamp Werks. Her hadde han opp mot 80-100 mann i arbeid på det meste.
Då Lars blei eldre, gjekk det tilbake med forretninga hans. Det kom nye oppfinningar som gjorde ho mindre lønsam. På hausten i 1923 vart han overkøyrd i London og døydde altså der 1. februar 1924. Han var ugift, og hadde ikkje etterkomarar.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeven av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 390-394