Einerkilen urangruve: Skilnad mellom versjonar
lenke |
s Lenke på vegen til gruva |
||
| Line 2: | Line 2: | ||
'''Einerkilen urangruve''' er ei nedlagd gruve på sørsida av [[Einerkilen]] i [[Prestøygardvatnet]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Det var prøvedrift etter uran i gruva i om lag 3 1/2 år, frå 1948 til [[1. juli 1951]]. Uranen skulle nyttast i den eksperimentelle uranmila som etter vedtak i Stortinget i 1947 var under oppbygging ved [[:no:Institutt for energiteknikk|Institutt for atomenergi]] på Kjeller. | '''Einerkilen urangruve''' er ei nedlagd gruve på sørsida av [[Einerkilen]] i [[Prestøygardvatnet]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Det var prøvedrift etter uran i gruva i om lag 3 1/2 år, frå 1948 til [[1. juli 1951]]. Uranen skulle nyttast i den eksperimentelle uranmila som etter vedtak i Stortinget i 1947 var under oppbygging ved [[:no:Institutt for energiteknikk|Institutt for atomenergi]] på Kjeller. | ||
I mai 1948 blei bergverksingeniør [[Kjell Amdahl]] tilsett med ansvar for drift og framdrift i prosjektet. Alt i juni var nær 20 mann i arbeid i Einerkilen. Først måtte ein bygge veg fram til gruva frå [[Fylkesveg 306]] (Gautestadvegen). Så vart jorda i området fjerna. Etter det kunne sjølve gruvedrifta ta til. Ein bratt slepesynk på 30 meter vart driven nedover mot det uranhaldige fjellet. Gruva blei mest 25 meter djup, og var i to etasjar. | I mai 1948 blei bergverksingeniør [[Kjell Amdahl]] tilsett med ansvar for drift og framdrift i prosjektet. Alt i juni var nær 20 mann i arbeid i Einerkilen. Først måtte ein bygge [[Einarkilvegen|veg fram til gruva]] frå [[Fylkesveg 306]] ([[Gautestadvegen]]). Så vart jorda i området fjerna. Etter det kunne sjølve gruvedrifta ta til. Ein bratt slepesynk på 30 meter vart driven nedover mot det uranhaldige fjellet. Gruva blei mest 25 meter djup, og var i to etasjar. | ||
Talet på tilsette ved gruveanlegget auka raskt, frå dei om lag 20 arbeidskarane i starten til opp mot 50 mann under den mest hektiske oppbyggingsperioden. Då sjølve drifta kom i gang, var det rundt 30 mann i arbeid ved gruva. | Talet på tilsette ved gruveanlegget auka raskt, frå dei om lag 20 arbeidskarane i starten til opp mot 50 mann under den mest hektiske oppbyggingsperioden. Då sjølve drifta kom i gang, var det rundt 30 mann i arbeid ved gruva. | ||
Versjonen frå 27. mai 2015 kl. 10:50
Einerkilen urangruve er ei nedlagd gruve på sørsida av Einerkilen i Prestøygardvatnet i Evje og Hornnes kommune. Det var prøvedrift etter uran i gruva i om lag 3 1/2 år, frå 1948 til 1. juli 1951. Uranen skulle nyttast i den eksperimentelle uranmila som etter vedtak i Stortinget i 1947 var under oppbygging ved Institutt for atomenergi på Kjeller.
I mai 1948 blei bergverksingeniør Kjell Amdahl tilsett med ansvar for drift og framdrift i prosjektet. Alt i juni var nær 20 mann i arbeid i Einerkilen. Først måtte ein bygge veg fram til gruva frå Fylkesveg 306 (Gautestadvegen). Så vart jorda i området fjerna. Etter det kunne sjølve gruvedrifta ta til. Ein bratt slepesynk på 30 meter vart driven nedover mot det uranhaldige fjellet. Gruva blei mest 25 meter djup, og var i to etasjar.
Talet på tilsette ved gruveanlegget auka raskt, frå dei om lag 20 arbeidskarane i starten til opp mot 50 mann under den mest hektiske oppbyggingsperioden. Då sjølve drifta kom i gang, var det rundt 30 mann i arbeid ved gruva.
Ved juletider i 1950 blei det klart at råmalmen som så langt var teken ut av gruva hadde eit mykje lågare uraninnhald enn ein på førehand hadde rekna med. Kostnadene med å få ut den uranen ein trong vart for store. I juni 1951 blei det såleis bestemt at drifta skulle stanse frå 1. juli same året. Det spanande og hektiske, men kortvarige gruveeventyret ved Einerkilen i Evje var slutt.
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 118-122