Skilnad mellom versjonar av «Bykle Vindu»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
s (→‎Historie: rettet skrivefeil)
(→‎Historie: Åge Bakken)
 
(Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist)
Line 9: Line 9:


== Historie ==
== Historie ==
Bykle kommune etablerte L/L Bykle Industri i 1983, i samarbeid med Kolbjørn Uldal. I 1984 starta produksjonen av vindauge. I 1986 var det brann i verksemda. I 1989 blei selskapet seld til Natre Invest AS i Larvik, og endra namn til Bykle Vindu.  
Bykle kommune etablerte L/L Bykle Industri i 1983, i samarbeid med Kolbjørn Uldal. I 1984 starta produksjonen av vindauge. [[Åge Bakken]] var den første daglege leiaren. I 1986 var det brann i verksemda. I 1989 blei selskapet seld til Natre Invest AS i Larvik, og endra namn til Bykle Vindu.  


I 1997 gjekk Bykle Vindu konkurs. [[Daniel Homme]] og [[Terje Jørgensen]] (BI AS) kom inn som eigarar og drivarar. I 2000 var det på nytt brann ved verksemda. Heile kontordelen brann ned, og noko av produksjonshallen. Men Bykle Vindu kom raskt i gang igjen. I 2003 overtok dei eigarskapen i Grindland Trevare i Finsland. Frå 2007 blei utviklinga av iSOKiTT saman med Grindland eit viktig vendepunkt. I 2012 fusjonerte dei to verksemdene. All produksjon blei lagt til Bykle. I 2013 selde Terje Jørgensen storparten av aksane sine. Inn kom [[Kjell Ole Homme]] som dagleg leiar og medeigar. Verksemda hadde ein vanskeleg periode, og unngjekk såvidt ny konkurs. Det blei teke viktige grep, og den økonomiske kntrollen blei betre.  
I 1997 gjekk Bykle Vindu konkurs. [[Daniel Homme]] og [[Terje Jørgensen]] (BI AS) kom inn som eigarar og drivarar. I 2000 var det på nytt brann ved verksemda. Heile kontordelen brann ned, og noko av produksjonshallen. Men Bykle Vindu kom raskt i gang igjen. I 2003 overtok dei eigarskapen i Grindland Trevare i Finsland. Frå 2007 blei utviklinga av iSOKiTT saman med Grindland eit viktig vendepunkt. I 2012 fusjonerte dei to verksemdene. All produksjon blei lagt til Bykle. I 2013 selde Terje Jørgensen storparten av aksane sine. Inn kom [[Kjell Ole Homme]] som dagleg leiar og medeigar. Verksemda hadde ein vanskeleg periode, og unngjekk såvidt ny konkurs. Det blei teke viktige grep, og den økonomiske kontrollen blei betre.  


[[Ingvild Hovden]] kom inn som sals- og marknadssjef i 2019. Ho tok tak i marknadsføringa av verksemda. Vinteren 2023 opna Bykle Vindu eiga utstilling og kontor i Oslo, saman med [[Dørfabrikken Vatnestrøm]] i [[Iveland]] og [[Løkkan Tre]] på [[Konsmo]].
[[Ingvild Hovden]] kom inn som sals- og marknadssjef i 2019. Ho tok tak i marknadsføringa av verksemda. Vinteren 2023 opna Bykle Vindu eiga utstilling og kontor i Oslo, saman med [[Dørfabrikken Vatnestrøm]] i [[Iveland]] og [[Løkkan Tre]] på [[Konsmo]].

Siste versjonen frå 7. desember 2024 kl. 08:28

Bygget til Bykle Vindu i 2011.
Foto: Siri Johannessen

Bykle Vindu AS vart etablert i 1984 av Bykle kommune, i samarbeid med Kolbjørn Uldal (L/L Bykle Industri). Frå 1997 var selskapet eigd av Bykle Industri AS. I 2019 er det to aksjonærar: Bykle Industri (85 %) og Skjeberg Eiendom (15 %). Kjell Ole Homme er dagleg leiar. Daniel Homme er produksjonssjef. Sals- og marknadssjef er Ingvild Hovden.

I 2012 fusjonerte Bykle Vindu med Grindland Trevarefabrikk i Finsland. Produksjonen vart då flytta til Bykle kyrkjebygd, medan salgskontoret ligg i Songdalen. Etter fusjonen hadde Bykle Vindu 30 tilsette, medrekna fem i administrasjonen. Pr. januar 2023 er det om lag 57 tilsette. Svært mange av dei kjem frå andre land. Ni nasjonalitetar er representerte (2020).

Selskapet har hatt stor suksess med Isokitt-vinduet, som dei utvikla sjølv og lanserte i 2008. Det står for 80 prosent av produksjonen og har gjeve fleire store kontraktar. Fusjonen gav ein sterk vekst i inntektene, frå 2011 til 2012 auka omsetninga frå 23,2 mill. til 44,1. I 2017 var omsetninga kring 52 mill. I 2018 var det ein svikt i omsetninga på om lag 10 mill. Utsiktane var ljosare for 2019, med ei ordrereserve ved årsskiftet på rundt 8,5 mill.

Hausten 2022 blei Bykle Vindu sertifisert som Miljøfyrtårn. På Setesdalskonferansen 2024 blei verksemda tildelt Setesdalsprisen for 2024.

Historie

Bykle kommune etablerte L/L Bykle Industri i 1983, i samarbeid med Kolbjørn Uldal. I 1984 starta produksjonen av vindauge. Åge Bakken var den første daglege leiaren. I 1986 var det brann i verksemda. I 1989 blei selskapet seld til Natre Invest AS i Larvik, og endra namn til Bykle Vindu.

I 1997 gjekk Bykle Vindu konkurs. Daniel Homme og Terje Jørgensen (BI AS) kom inn som eigarar og drivarar. I 2000 var det på nytt brann ved verksemda. Heile kontordelen brann ned, og noko av produksjonshallen. Men Bykle Vindu kom raskt i gang igjen. I 2003 overtok dei eigarskapen i Grindland Trevare i Finsland. Frå 2007 blei utviklinga av iSOKiTT saman med Grindland eit viktig vendepunkt. I 2012 fusjonerte dei to verksemdene. All produksjon blei lagt til Bykle. I 2013 selde Terje Jørgensen storparten av aksane sine. Inn kom Kjell Ole Homme som dagleg leiar og medeigar. Verksemda hadde ein vanskeleg periode, og unngjekk såvidt ny konkurs. Det blei teke viktige grep, og den økonomiske kontrollen blei betre.

Ingvild Hovden kom inn som sals- og marknadssjef i 2019. Ho tok tak i marknadsføringa av verksemda. Vinteren 2023 opna Bykle Vindu eiga utstilling og kontor i Oslo, saman med Dørfabrikken Vatnestrøm i Iveland og Løkkan TreKonsmo.

Kjelder

Eksterne lenker