Konsmo
Konsmo er ein stad i Audnedal, i krysset mellom Fv-460 og Fv-461 i Audnedalen i Lyngdal kommune. Konsmo var administrasjonssenteret i Audnedal kommune, til Audnedal blei slegen saman med Lyngdal frå 1. januar 2020.
Ein drøy km nord for busetnaden på sjølve Konsmo ligg tettstaden Helle, med 281 innbyggarar (2015). På Konsmo ligg Konsmo kyrkje og Konsmo bedehus, og muséet Det gamle posthuset med Barnevandrersenteret. Her er også butikk og bensistasjon. Skulane og idrettsplassen ligg på Helle.
Tidlegare kommune[rediger]
Konsmo var eigen kommune 1911–1963. I 1964 vart Konsmo slegen saman med Grindheim og litt av Bjelland (Midtbø og Ågedal) til Audnedal kommune.
Kjelder[rediger]
- Artikkelen om Konsmo i Store Norske leksikon
- Om Det gamle posthuset på heimesida til Audnedal kommune
- Artikkelen om Konsmo på Wikipedia (bokmål), besøkt 16. juli 2017
Kart[rediger]
Laster kart...