Hopp til innhald

Randi Østerhus: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hellandsbot (diskusjon | bidrag)
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Evje og Hornnes kommune +Døde personer fra Evje og Hornnes kommune)
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
lenke
 
Line 6: Line 6:
Frå før Randi var 15 år gamal var ho tenestejente på gardane i Mandalsdistriktet. Ei stund tente ho på Sødal i Kristiansand. 20 år gamal gifta ho seg med Søren, og flytta inn med han i farsgarden hans i Austerhus. Husa stod den gongen nedanfor [[Gautestadvegen]]. Seinare flytta familien inn i den nye [[Stigerboligen]] ovafor vegen.

Randi og Søren fekk 15 born tilsaman, åtte jenter og sju gutar. [[Nils Østerhus]] var eitt av borna. [[Ole Østerhus]] og [[Jon Østerhus]] var også sønene deira. Men to born døydde av polio då dei var små. To andre døydde under spanskesjuka i 1918. Seinare mista dei ei dotter til.  
Randi og Søren fekk 15 born tilsaman, åtte jenter og sju gutar. [[Nils Østerhus]] var eitt av borna. [[Ole Østerhus]] og [[Jon Østerhus]] var også sønene deira. Men to born døydde av polio då dei var små. To andre døydde under [[spanskesjuken]] i 1918. Seinare mista dei ei dotter til.  

«''Alle i bygda, både høg og låg, såg opp til Randi eller «Rannei» som dei kalla henne. Alle i bygda såg på henne som eit heidersmenneske av første klasse''», skriv [[Sigmund Monen]] i sitt store verk om gruvedrift og nikkelindustri i Setesdal.<ref>Sigmund Monen, ''Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie'', utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2006, side 95 andre spalte</ref>

Siste versjonen frå 14. april 2020 kl. 20:18

Randi Østerhus
Født: 4. april 1874
Død: 22. april 1966 (92 år)

Randi Østerhus (fødd 1874, død 1966) var gardskone og husmor på bruket Vollen på garden Austerhus i Flatebygd i Evje. Ho var gift med Søren Østerhus (Søren stiger).

Randi var fødd i Bjelland i Vest-Agder. Ho vaks opp litt utanfor Mandal. Mora døydde då Randi var berre tre år gamal. Faren døydde då ho var 11 år. Ho mista også to syskjen. I åra etterpå budde ho rundt omkring hos tilfeldig kjente eller fjern familie. «Eg budde hos dei som baud minst for meg», sa ho seinare. Ho var altså «akkedert» bort av fattigstyret i heimbygda.

Frå før Randi var 15 år gamal var ho tenestejente på gardane i Mandalsdistriktet. Ei stund tente ho på Sødal i Kristiansand. 20 år gamal gifta ho seg med Søren, og flytta inn med han i farsgarden hans i Austerhus. Husa stod den gongen nedanfor Gautestadvegen. Seinare flytta familien inn i den nye Stigerboligen ovafor vegen.

Randi og Søren fekk 15 born tilsaman, åtte jenter og sju gutar. Nils Østerhus var eitt av borna. Ole Østerhus og Jon Østerhus var også sønene deira. Men to born døydde av polio då dei var små. To andre døydde under spanskesjuken i 1918. Seinare mista dei ei dotter til.

«Alle i bygda, både høg og låg, såg opp til Randi eller «Rannei» som dei kalla henne. Alle i bygda såg på henne som eit heidersmenneske av første klasse», skriv Sigmund Monen i sitt store verk om gruvedrift og nikkelindustri i Setesdal.[1]

Kjelder

Referansar

  1. Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2006, side 95 andre spalte