Nordenå: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde av garden
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning
 
(12 mellomliggjande versjonar av 2 brukarar er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
[[Fil:Nordenå 150516.JPG|miniatyr|høyre|Nordenå (bnr. 1). {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Nordenå 150516.JPG|miniatyr|høyre|Nordenå (bnr. 1). {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Nordenå''' er ein gard (gnr. 20) i [[Åraksbø]]. Han ligg i eit bratt parti i nordenden av Åraksbø, nord for [[Hovassåni]]. Bak garden stig fjella bratt opp. Garden hadde eitt bruk fram til 1848, då [[Kåsi]] blei skild frå.  
[[Fil:Åraksbø Bygland 070715 (1).JPG|miniatyr|høyre|Utsikten sørover frå Nordenå. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]
[[Fil:Nordenå Åraksbø 111116-2.jpg|miniatyr|høyre|Nordenå høgt oppe i dalsida til venstre i biletet. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Nordenå''' er ein gard (gnr. 20) i [[Åraksbø]]. Han ligg i eit bratt parti i nordenden av Åraksbø, nord for [[Hovassåni]]. Bak garden stig fjella bratt opp. Garden hadde eitt bruk fram til 1851, då [[Kåsi]] blei skild frå.
 
På hovudbruket (bnr. 1) står det eit gamalt stabbur, truleg frå 1600-talet.
 
== Namnet ==
Namnet kjem av gamalnorsk, og tyder garden eller staden nord for åna.
 
== Historie ==
Nordenå er kjend i skriftlege kjelder frå 1567. På den tid skal folk i Åraksbø ha eigd garden. Men før 1600 ser det ikkje ut til å ha budd folk på garden, heiter det i ''[[Bygland gard og ætt]]'' (bind IV, side 285). Den første oppsittaren ein veit om er [[Kjetil Nordenå]] (ca. 1610). Frå ca. 1615 var det folk frå [[Sordal]] som budde på Nordenå, og også folk derfrå som eigde garden. Den første av desse var [[Knut Anderson Sordal]]. Borna til Knut, og etterkomarane etter dei, blei sitjande på Nordenå heilt til 1851.
 
I 1851 blei garden dela i to like delar, og eigaren [[Olav Knutson Nordenå]] reiste til Amerika. Nye folk kom inn, både på den delen som heldt fram som Nordenå (bnr. 1) og på den nye delen, som fekk namnet Kåsi (bnr. 2). I artikkelen [[PRÅMEN-163 år etter]] kan ein lese meir om dei nye eigarane på bnr. 1.


== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[http://gardskart.skogoglandskap.no/map.html?komm=0938&gnr=20&bnr=1&fnr=0 Gardskart på nett]
*[https://gardskart.nibio.no/landbrukseiendom/0938/20/1/0 Gardskart på nett]
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 283-354
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 28–354
*[[Reidar Bolling]], ''[[Gards- og ættesoge for Bygland]]'', utgjeve av [[Bygland bygdesogenemnd]], 1952, side 143–148
 
== Kart ==
{{#display_map: 58.926184409426895,7.747891411083261~Nordenå Åraksbø}}
 


[[Kategori:Garder i Bygland]]
[[Kategori:Garder i Bygland]]
[[Kategori:Åraksbø]]

Siste versjonen frå 23. desember 2024 kl. 07:44

Nordenå (bnr. 1).
Utsikten sørover frå Nordenå.
Foto: Geir Daasvatn
Nordenå høgt oppe i dalsida til venstre i biletet.

Nordenå er ein gard (gnr. 20) i Åraksbø. Han ligg i eit bratt parti i nordenden av Åraksbø, nord for Hovassåni. Bak garden stig fjella bratt opp. Garden hadde eitt bruk fram til 1851, då Kåsi blei skild frå.

På hovudbruket (bnr. 1) står det eit gamalt stabbur, truleg frå 1600-talet.

Namnet

Namnet kjem av gamalnorsk, og tyder garden eller staden nord for åna.

Historie

Nordenå er kjend i skriftlege kjelder frå 1567. På den tid skal folk i Åraksbø ha eigd garden. Men før 1600 ser det ikkje ut til å ha budd folk på garden, heiter det i Bygland gard og ætt (bind IV, side 285). Den første oppsittaren ein veit om er Kjetil Nordenå (ca. 1610). Frå ca. 1615 var det folk frå Sordal som budde på Nordenå, og også folk derfrå som eigde garden. Den første av desse var Knut Anderson Sordal. Borna til Knut, og etterkomarane etter dei, blei sitjande på Nordenå heilt til 1851.

I 1851 blei garden dela i to like delar, og eigaren Olav Knutson Nordenå reiste til Amerika. Nye folk kom inn, både på den delen som heldt fram som Nordenå (bnr. 1) og på den nye delen, som fekk namnet Kåsi (bnr. 2). I artikkelen PRÅMEN-163 år etter kan ein lese meir om dei nye eigarane på bnr. 1.

Kjelder

Kart

Laster kart ...