Heddeviki (husmannsplass): Skilnad mellom versjonar
s Rettet skrivefeil |
s Ekstern lenke |
||
| (16 mellomliggjande versjonar av 2 brukarar er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Heddeviki''' var ein husmannsplass ved [[Heddeviki]], i lia rett aust for [[Heddeneset tunnel]], nord for [[Åraksbø]] i [[Bygland]]. Det er ein av dei eldste husmannsplassane ein kjenner til i Bygland, med busetjing frå tida rundt 1720. Frå først av skal buplassen ha vore nede ved [[Åraksfjorden]]. Då det kom folk på staden igjen på 1800-talet blei husa sette opp lenger oppe i den bratte lia, om lag 100 meter opp frå fjorden. | [[Fil:Heddeviki husmannsplass 090618.jpg|miniatyr|høyre|Utsyn frå Heddeviki sørover mot Åraksbø. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Heddeviki''' var ein [[husmannsplass]] ved [[Heddeviki]], i lia rett aust for [[Heddeneset tunnel]], nord for [[Åraksbø]] i [[Bygland]]. Det er ein av dei eldste husmannsplassane ein kjenner til i Bygland, med busetjing frå tida rundt 1720. Frå først av skal buplassen ha vore nede ved [[Åraksfjorden]]. Då det kom folk på staden igjen på 1800-talet blei husa sette opp lenger oppe i den bratte lia, om lag 100 meter opp frå fjorden. | |||
Plassen høyrde opphaveleg under garden [[Nedstoga]] og bruket [[Urdi (Bygland gnr. 27 bnr. 1)|Urdi]]. I 1864 blei han skild ut frå Urdi og fekk bruksnamn Helleviken. Under jorskifte i 1972 blei Heddeviki slegen saman med Nordenå bnr. 1. | Plassen høyrde opphaveleg under garden [[Nedstoga]] og bruket [[Urdi (Bygland gnr. 27 bnr. 1)|Urdi]]. I 1864 blei han skild ut frå Urdi og fekk bruksnamn Helleviken. Under jorskifte i 1972 blei Heddeviki slegen saman med [[Nordenå]] bnr. 1. | ||
Rydningsmannen i Heddeviki var [[Anders Person Heddeviki]]. Etter at han døydde i 1753, er det lite å høyre om Heddeviki dei neste 100 åra. Men på 1850-talet fekk [[Omund Svendson Moi]] (f. 1792) bruksrett til plassen. Den siste bruksmannen var [[Tellef Tarkjelson Skore]] (f. 1840, d. 1907). Etter at han døydde, levde enka [[Signe Osmundsdotter Heddeviki]] (fødd Urdi 1845) i Heddeviki til 1909. To av borna til Tellef og Signe, Ingebjørg og Tarkjel, budde då framleis i Heddeviki. Etter at Signe døydde flytta dei frå plassen. Sidan har det ikkje budd folk her. Lensmann [[Lars Liestøl]] eigde plassen frå 1873 til 1910. | Rydningsmannen i Heddeviki var [[Anders Person Heddeviki]]. Etter at han døydde i 1753, er det lite å høyre om Heddeviki dei neste 100 åra. Men på 1850-talet fekk [[Omund Svendson Moi]] (f. 1792) bruksrett til plassen. Den siste bruksmannen var [[Tellef Tarkjelson Skore]] (f. 1840, d. 1907). Etter at han døydde, levde enka [[Signe Osmundsdotter Heddeviki]] (fødd Urdi 1845) i Heddeviki til 1909. To av borna til Tellef og Signe, Ingebjørg og Tarkjel, budde då framleis i Heddeviki, skriv [[Reidar Vollen]] i ''[[Bygland gard og ætt]]''. Etter at Signe døydde flytta dei frå plassen. Sidan har det ikkje budd folk her. Lensmann, stortingsmann og statsråd [[Lars Liestøl]] eigde plassen frå 1873 til 1910. | ||
Det står framleis ei gamal løe med låve i Heddeviki. Murane etter våningshuset syner | [[Fil:Heddeviki løe 090618.jpg|miniatyr|høyre|Den gamle løa i Heddeviki. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
Det står framleis ei gamal løe med låve i Heddeviki. Murane etter våningshuset syner litt nord for løa. Men sjølve stova blei flytta til Åraksbø rundt 1915, og kom i bruk som «Folkets Hus». Ho står framleis nær bygdevegen, rett ovafor [[Åraksbø grendehus]]. | |||
Det er ein rik edellauvskog i Heddeviki. Det er også eit svært rikt planteliv her, og det er registrert ei rekke sjeldne insekter. Åraksbø var på tale som «Utvald kulturlandskap i Aust-Agder» sist på 2000-talet, men nådde ikkje heilt opp. I samband med dette arbeidet blei det gjort mange registreringer på staden, og det blei gjennomført ein del skjøtsels- og restaureringstiltak i kulturlandskapet. | |||
I 2017 blei [[Heddeviksfjell naturreservat]] oppretta i området. Husmannsplassen Heddeviki ligg heilt nord-vest i verneområdet. | |||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]], bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 189-199. | *[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 189-199 | ||
*[http://www.bioforsk.no/ikbViewer/Content/67175/Endelig_rapportAaraksboe291008.pdf Ellen Svalheim, ''Forvaltningsplan for Åraksbø, Bygland kommune'', Bioforsk Rapport, vol. 3, nr. 128/2008] | |||
== Eksterne lenker == | |||
*[https://www.kulturminnesok.no/kart/?q=&am-county=&lokenk=location&am-lok=&am-lokdating=&am-lokconservation=&am-enk=&am-enkdating=&am-enkconservation=&bm-county=&cp=1&bounds=58.93553159234817,7.722943425178528,58.933043024232155,7.7276211977005005&zoom=18&id=f71c0d18-bc09-11ee-8d36-005056bf50a4 Artikkel om husmannsplassen i Heddeviki på Kulturminnesok.no] | |||
== Kart == | |||
{{#display_map: 58.93342369180774,7.727542669964691~Heddeviki Bygland}} | |||
[[Kategori:Husmannsplasser i Bygland]] | [[Kategori:Husmannsplasser i Bygland]] | ||
[[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | |||
[[Kategori:Åraksbø]] | |||
Siste versjonen frå 26. januar 2024 kl. 07:58

Heddeviki var ein husmannsplass ved Heddeviki, i lia rett aust for Heddeneset tunnel, nord for Åraksbø i Bygland. Det er ein av dei eldste husmannsplassane ein kjenner til i Bygland, med busetjing frå tida rundt 1720. Frå først av skal buplassen ha vore nede ved Åraksfjorden. Då det kom folk på staden igjen på 1800-talet blei husa sette opp lenger oppe i den bratte lia, om lag 100 meter opp frå fjorden.
Plassen høyrde opphaveleg under garden Nedstoga og bruket Urdi. I 1864 blei han skild ut frå Urdi og fekk bruksnamn Helleviken. Under jorskifte i 1972 blei Heddeviki slegen saman med Nordenå bnr. 1.
Rydningsmannen i Heddeviki var Anders Person Heddeviki. Etter at han døydde i 1753, er det lite å høyre om Heddeviki dei neste 100 åra. Men på 1850-talet fekk Omund Svendson Moi (f. 1792) bruksrett til plassen. Den siste bruksmannen var Tellef Tarkjelson Skore (f. 1840, d. 1907). Etter at han døydde, levde enka Signe Osmundsdotter Heddeviki (fødd Urdi 1845) i Heddeviki til 1909. To av borna til Tellef og Signe, Ingebjørg og Tarkjel, budde då framleis i Heddeviki, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt. Etter at Signe døydde flytta dei frå plassen. Sidan har det ikkje budd folk her. Lensmann, stortingsmann og statsråd Lars Liestøl eigde plassen frå 1873 til 1910.

Det står framleis ei gamal løe med låve i Heddeviki. Murane etter våningshuset syner litt nord for løa. Men sjølve stova blei flytta til Åraksbø rundt 1915, og kom i bruk som «Folkets Hus». Ho står framleis nær bygdevegen, rett ovafor Åraksbø grendehus.
Det er ein rik edellauvskog i Heddeviki. Det er også eit svært rikt planteliv her, og det er registrert ei rekke sjeldne insekter. Åraksbø var på tale som «Utvald kulturlandskap i Aust-Agder» sist på 2000-talet, men nådde ikkje heilt opp. I samband med dette arbeidet blei det gjort mange registreringer på staden, og det blei gjennomført ein del skjøtsels- og restaureringstiltak i kulturlandskapet.
I 2017 blei Heddeviksfjell naturreservat oppretta i området. Husmannsplassen Heddeviki ligg heilt nord-vest i verneområdet.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 189-199
- Ellen Svalheim, Forvaltningsplan for Åraksbø, Bygland kommune, Bioforsk Rapport, vol. 3, nr. 128/2008