Haugenloftet: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
 
(30 mellomliggjande versjonar av 4 brukarar er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
[[Fil:Haugenloftet Åraksbø 070715.JPG|miniatyr|høyre|Haugenloftet i juli 2015. Loftet var då under restaurering. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Haugenloftet Åraksbø 011116 (1).jpg|miniatyr|høyre|Haugenloftet ferdig restaurert [[1. november 2016]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Haugenloftet''' er eit eldgamalt loft, bygd i 1217/1218, i [[Åraksbø]] i [[Bygland]]. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i vikingtida. Haugenloftet er eitt av dei minst ombygde og mest autentiske lofta i landet. Loftet er freda etter kulturminneloven.
[[Fil:Haugenloftet Åraksbø 070715.JPG|miniatyr|høyre|Haugenloftet i juli 2015. Loftet var då under restaurering. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]
'''Haugenloftet''' (Haugeburet) vart bygd i 1217/1218, på garden [[Nordre Haugen (Bygland gnr. 30)|Nordre Haugen]] (gnr. 30 bnr. 4) i [[Åraksbø]] i [[Bygland]]. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Med unntak for kyrkjebygg, skal det vere den nest-eldste trebygningen i Noreg, etter Vindlausloftet i [[Tokke]] i [[Telemark]]. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i vikingtida, rundt år 800. Haugenloftet er eitt av dei minst ombygde og mest autentiske lofta i landet. Bygningen er freda etter kulturminnelova.
 
Haugenloftet vart restaurert i 1957-1958 og to gonger på 1990-talet. Hausten 2014 starta ei ny restaurering, no av taket. [[Hallvard S. Nomeland]] i [[Faremo Restaurering]] stod for arbeidet. Arbeidet fortsatte i 2015, og var ferdig i begynnelsen av november 2016. Kostnadane for den siste restaureringa var omlag 1,9 millionar kroner. Riksantikvaren gav tilskot på 1,7 millionar, Bygland kommune gav eit tilskot på 120.000 kroner, og eigeninnsats frå eigarane [[Liv Torhild Nordenå Sørlien]] og [[Harald Sørlien]] var berekna til 100.000 kroner.
 
I artikkelen [[Tankar i fotspora hans bestefar]] står det meir om datering av loftet og om eigarane.
 
Kven som reiste praktbygget i si tid veit ein ikkje. Men konservator [[Leonhard Jansen]] ved [[Setesdalsmuseet]] sa dette til Fvn.no etter at den siste restaureringa var ferdig i 2016:
{{sitat|Vi har ingen gode skriftlige kilder fra 1200-tallet om livet i dalen, men utgravingene på Langeid viser mye større rikdom og velstand enn det man har trodd. Åraksbø ligger åpent på solsiden. Det er grunn til å anta at det var en mektig mann som reiste Haugenloftet.|Leonhard Jansen}}
 
== Segn ==
Fleire segner er knytta til Haugenloftet. Ei segn er at ein mann skal ha blitt slegen i hel med ein staur like ved. Dei grov han ned oppe i Ånestig. Gjennom fleire generasjonar var området rundt Haugenloftet ein stad folk var redde for å passere når det var mørkt. Om dei kunne, sprang dei forbi det fortaste dei klarte. Det skal ha vore den gamle segna om drapet som gjorde at folk ikkje lika å gå forbi her i mørkret, skriv [[Reidar Vollen]] i ''[[Bygland gard og ætt]]''.<ref>[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 490</ref>
 
== 800-årsjubileum ==
Det var stor jubileumsfest og feiring av Haugenloftet 800 år (1217-2017) i Åraksbø fredag [[1. september 2017]] og lørdag [[2. september 2017]].


== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[http://www.austagderfk.no/tjenester-og-fagfelt/kulturminnevern-/manedens-kulturminne/-mars-haugenloftet-i-araksbo/ ''Månedens kulturminne'' - Om Haugenloftet hos Aust-Agder fylkeskommune]
*[https://www.austagderfk.no/tjenester/kulturminnevern/kulturminnevern-2010/kulturminne-mars/ ''Månedens kulturminne'' - Om Haugenloftet hos Aust-Agder fylkeskommune]
*[[Ole Birger Lien]], ''Treng fleire pengar for å restaurere Haugeburet'', stykke i [[Setesdølen nr. 58, 2015]], side 4
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 522-523
*Ole Birger Lien, ''Haugenburet i Åraksbø restaurert for 1,9 mill. kr.'', artikkel i [[Setesdølen nr. 85, 2016]], side 12
*''Haugeburet 800 år'', annonse i [[Setesdølen nr. 58, 2017]], side 10
*[https://www.fvn.no/nyheter/lokalt/i/rQ9bA/1000-feiret-800-ar-gammel-middelalderbygning-i-Araksbo?spid_rel=2 Johs. Bjørkeli, ''1000 feiret 800 år gammel middelalderbygning i Åraksbø'', artikkel på Fvn.no 3. september 2017]
 
== Referansar ==
<references />
 
== Sjå også ==
*[[Gamle trebygningar i Setesdal]]


[[Kategori:Kultur i Bygland]]
== Eksterne lenker ==
[[Kategori:Setesdal]]
*[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/albums/72157676015813015 Geir Daasvatn sine bilete av Haugenloftet på Flickr]
*[http://www.fvn.no/nyheter/lokalt/Agders-eldste-loft-ferdig-restaurert-692982b.html Artikkel på Fvn.no om Haugenloftet etter restaureringa 2016]
[[Kategori:Loft]]
[[Kategori:Kulturminner i Bygland]]
[[Kategori:Turistattraksjoner i Setesdal]]
[[Kategori:Bygninger i Bygland]]
[[Kategori:Åraksbø]]
__NOTOC__

Siste versjonen frå 28. august 2022 kl. 12:36

Haugenloftet ferdig restaurert 1. november 2016.
Haugenloftet i juli 2015. Loftet var då under restaurering.
Foto: Geir Daasvatn

Haugenloftet (Haugeburet) vart bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Med unntak for kyrkjebygg, skal det vere den nest-eldste trebygningen i Noreg, etter Vindlausloftet i Tokke i Telemark. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i vikingtida, rundt år 800. Haugenloftet er eitt av dei minst ombygde og mest autentiske lofta i landet. Bygningen er freda etter kulturminnelova.

Haugenloftet vart restaurert i 1957-1958 og to gonger på 1990-talet. Hausten 2014 starta ei ny restaurering, no av taket. Hallvard S. Nomeland i Faremo Restaurering stod for arbeidet. Arbeidet fortsatte i 2015, og var ferdig i begynnelsen av november 2016. Kostnadane for den siste restaureringa var omlag 1,9 millionar kroner. Riksantikvaren gav tilskot på 1,7 millionar, Bygland kommune gav eit tilskot på 120.000 kroner, og eigeninnsats frå eigarane Liv Torhild Nordenå Sørlien og Harald Sørlien var berekna til 100.000 kroner.

I artikkelen Tankar i fotspora hans bestefar står det meir om datering av loftet og om eigarane.

Kven som reiste praktbygget i si tid veit ein ikkje. Men konservator Leonhard Jansen ved Setesdalsmuseet sa dette til Fvn.no etter at den siste restaureringa var ferdig i 2016:

SitatVi har ingen gode skriftlige kilder fra 1200-tallet om livet i dalen, men utgravingene på Langeid viser mye større rikdom og velstand enn det man har trodd. Åraksbø ligger åpent på solsiden. Det er grunn til å anta at det var en mektig mann som reiste Haugenloftet.Sitat
– Leonhard Jansen

Segn

Fleire segner er knytta til Haugenloftet. Ei segn er at ein mann skal ha blitt slegen i hel med ein staur like ved. Dei grov han ned oppe i Ånestig. Gjennom fleire generasjonar var området rundt Haugenloftet ein stad folk var redde for å passere når det var mørkt. Om dei kunne, sprang dei forbi det fortaste dei klarte. Det skal ha vore den gamle segna om drapet som gjorde at folk ikkje lika å gå forbi her i mørkret, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.[1]

800-årsjubileum

Det var stor jubileumsfest og feiring av Haugenloftet 800 år (1217-2017) i Åraksbø fredag 1. september 2017 og lørdag 2. september 2017.

Kjelder

Referansar

  1. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 490

Sjå også

Eksterne lenker