Hopp til innhald

Jens´s plass

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. juni 2026 kl. 08:06 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Jens´s plass var ein husmannsplass i nærleiken av HusetVestre Tveit i Hornnes. Han skal ha ligge nær inntil ein annan husmannsplass i området, Tolleis plass.

Plassen høyrde til Hornnes-garden. Kva for eit bruk som hadde han er usikkert. Men det kan ha vore Haugen. Kva tid plassen var busett er også noko usikkert, men truleg var det frå 1830-talet og nokre ti-år frametter.

Det kan ha vore Jens Ellingson Tveit (f. ca. 1816, d. 1873) ) som rydda plassen. Han var bror til Tollei Ellingson Tveit som truleg rydda Tolleis plass like ved.

Kjelder

Kart