Bø (Valle)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bø er to matrikkelgardar Nørdre Bø og Syndre Bø i Valle. Gardane ligg på vestsida av Otra. Ein kjem dit ved å ta over Hallandsbrua rett nord for Hallandsfossen, og derfrå følge Bøvegen sørover til gardane. Med unnatak for Flårenden er dette dei gardane som ligg lengst sør i gamle Valle kommune. Både tun og eigedomar elles ligg nokså om kvarandre på eigedomane.[1]
Gruvedrift
Det var drift etter kopar i Bøgruva rundt 1844-1855, og i fleire år rundt 1916-1918.[2]
Historie
Bøgardane høyrer truleg ikkje til dei aller eldste i Valle. Men det har nok vore folk her iallefall i vikingtida (800-1000 e.Kr.).[3]
Sjå også
Referansar
- ↑ Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 102
- ↑ Valle III, side 107-109
- ↑ Valle III, side 103