«8. mai»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

8. MAI var prenta på forsida av den fyrste utgåva av Vegleiaren, bladet til kyrkjelyden i Valle og Bykle, då krigen var over. Artikkelen fortel om feiringa den fyrste dagen og er ikkje underteikna, men skriven av redaktøren sokneprest Aasulv Austad. Dette var kåseriet i Tysdagssendinga i Valle radio 12. mai 2020.



8. MAI
Alt 7. mai om kvelden kunne ein sjå einskilde flagg gå til topps. Kyrvestad turistheim trur eg var den fyrste i Valle. Men i Bykle hadde dei då nett ringt ned og spurt om me ikkje flagga. «Her er full fest,» sa dei, «flagget på toppen over alt og folk går i tog.» I Bykle festa dei forresten tre dagar på rad med rjomegrautfest den siste). JA, i Valle og kom det liv i folk. Frå Oveinang kom det ein lang kolonne med sykkelistar[sic!]. I ti-tidi var folk reint yre av glede. «Eg og kona mi måtte og ut på trappi og — skrike,» fortalde Torjus Åkre i ein av sine talar, «då me so såg dei kom frå Oveinang. Eit liknande liv vakna ogso i Hylestad.

Kl. 8 den åttande mai fekk eg telefon frå ein av heimefrontfolki som fortalde at no var det heilt sikkert fred. For ein bodskap! Tenk fred etter vel fem års krig. Fem år i liding og gråt, fem år med den tyske jarnhel over seg, fem år med konsentrasjonsleirar og gestapo og sikkerhetspoliti over alt, fem år med og i eit hav av lygn, ei mektig flodbylgje som velte inn over landet med all si øydeleggjing materiellt og åndeleg. Ein del trudde ogso denne lygn og gjekk i snara. Men på den andre sida av flodbylgja sat Kongen. Han såg korleis landet blødde og leid. Såg mor Noreg i ein stendig gråt som ingen kunne stogga. Han og regjeringa heldt oss oppe med sine vonfulle og trøystanda bodskapar som dei sende gjenom æteren og som me fekk i løynd taka imot. Soleis skreid åra. Vona heldt oss oppe og trua på at rettferda ein dag måtte sigra, sigra over tyraniet og urettferda.

Og so kom han, dagen den 8. mai. Fred i Europa! Fred i Noreg! Fred! Fred. So ufateleg stort. Alle flagg kom opp. Seinare utpå dagen bylgja eit folketog so stort som aldri fyrr har vore sett i Valle. Fedrelandssongar ljoma utover Vallebygda, som no var klædd i sin fagre vårbunad. Me forstod salmistens ord: «Dei fegnast alle tre i skogen.»

Toget stogga i Nordibø. Der heldt lærarane Augund Rike, Torjus Åkre og Knut Kyrvestad, forstandar Sandvand og soknepresten kvar sin tale. Om kvelden var det gudsteneste. Og kva var meir sjølvsagt enn å tala over salme 126:«Då Herren let Sions fangar fara heim att då var me som drøymande; då fylltest vår munn med lått og vår tunga med fagnarop, då sa dei mellom heidningane: Store ting har Herren gjort mot oss og me vart glade.»

Ja, det var Herren som hadde gjort det.

SitatNorske mann i hus og hytte,

takk din store Gud!

Landet ville han beskytte,

skjønt det mørkt så ud.

Alt hvad fedrene har kjempet,

mødrene har grett,

har den Herre stille lempet

så vi vant vår rett.
Sitat

Bilete frå 8. mai 1945

Samling ved Harstadberg 8. mai 1945.
Foto: Olav A. Stavenes / Setesdalsmuseet
Toget går attende frå Harstadberg til Valle.
Foto: Olav A. Stavenes / Setesdalsmuseet