Aasulv Austad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Aasulv Austad
Født: 9. juni 1901
Død: 18. desember 1988 (87 år)

Aasulv Austad (fødd på Austad 9. juni 1901, død 18. desember 1988) var sokneprest i Valle prestegjeld frå 1932 til 1948. Han gjekk landbruksskulen på Bygland og seinare tok han underoffiserskulen i Kristiansand. Kall til å verte prest hadde han frå barneåra og i 1930 tok han teologisk embetseksamen på Menighetsfakultetet. I 1931 tok han praktikum, og sjølv om det var fleire søkjarar til kallet, var han den einaste som vart innstilt av soknerådet. Han hadde då styrt kallet ei stund som vikar og var svært godt likt.

Året etter at han kom til Valle, gifta han seg med Gudrun Veum frå Fyresdal. Ho vart og organist i kyrkja. Åsulv Austad starta i 1939 Vegleiaren. Fyrste nummer kom ut 10. januar 1939 og sidan kom bladet ut ein gong i månaden i mange år. [1]

Austad vart etter åra i Valle prest i Hjartdal, kor han var frå 1948 til 1969. Der starta han kyrkjelydsbladet Arven.

Aasulv Austad sin yngre bror Olav Austad var og prest.

Bibliografi[rediger]

Kjelder[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Aasulv Austad: Det religiøse liv i Valle. Artikkel i Valle kyrkje 1844-1944 side 46