Vålevatn

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den nordlegaste delen av Vålevatn, som ligg i Evje og Hornnes.

Vålevatn er eit stort vatn på heia (342 moh.) mellom gardane Haugland heilt sør i Evje og Hornnes og Lauvås heilt nord i Vennesla. Det ligg ca 500 meter sør-vest for Skranevatn, og er delt omtrent midt på av fylkesgrensa mellom Aust-Agder og Vest-Agder. Det går veg fram til vatnet frå Lauvås i sør. Frå nord går det veg til Skranevatn og Lille Vålevatn, og då er Vålevatn ikkje langt unna til fots. Vatnet frå Vålevatn renn til Skranevatn og vidare i Lindåna til Ærekilen i Otra.

Kjelder

Kart

Laster kart...