Tvitjønn
Tvitjønn er eit lite vatn sør for Espåsen i Hålandsheia, ved Fylkesveg 42, aust for Evje sentrum. På folkemunne brukte ein tidlegare namnet «Kjerringrus» om tjønna. I gamle dagar skal kjerringane frå gardane rundt, både i Evje og Vegusdal, ha samla seg her. Så heldt dei fest og drakk seg ei rus på ei lita øy i Kjerringrus.
Rett vest for Tvitjønn meinte gardkjennaren Oddmund Mogstad at han hadde funne restar av eit gardsanlegg frå folkevandringstida, rundt år 400-600 e.Kr. Han tenkte seg at øydegarden Håland først låg her, før han litt seinare, kanskje på 700- eller 800-talet blei flytta litt lågare ned i terrenget på grunn av klimaendringar. Det er fleire røyser i området. Nokre er rydningsrøyser. Men arkeologar som har undersøkt dei, meiner at nokre også er gravrøyser.
Kjelder[rediger]
- Oddmund Mogstad, Øydegarden Håland i Evje, artikkel i Arnstein 1994, side 15-20
- Lokalhistoriske perler. På tur med Oddmund Mogstad, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2018, side 181